Sakna klatrar henta ut i natt - truleg norske Arvid (58)

Etter at fleire forsøk vart stogga av dårleg vêr, har redningsmannskap lukkast i å henta ned den sakna klatraren frå fjellet Mount Rainier i Washington i USA.

Norske klatraren Arvid Lahti

NORSK KLATRAR: Arvid Lahti (58) frå Masfjorden skulle saman med klatrepartnaren Monique Richard opp til toppen av Mount Rainier i Washington. Dei kom aldri ned saman.

Foto: Privat

I natt vart ein død klatrar henta ut frå kring 3000 meters høgd på Mount Rainier i USA. Frivillige redningsmenn og eit redningshelikopter deltok i aksjonen, som lenge har vore utsett grunna dårleg vêr.

Det er etter alt å døma Arvid Lahti (58) frå Masfjorden i Hordaland som har vore sakna i området sidan laurdag.

– Han er den einaste sakna i området, og me fryktar no at han er omkommen, sjølv om me ikkje offisielt kan bekrefta dette enno, sa kommunikasjonsrådgjevar i Mount Rainier National Park, Patti Wold, til NRK onsdag kveld.

Fleire amerikanske nettaviser omtala han med namn då det tysdag vart kjent at den norske klatraren var sakna i området.

Har henta ut klatraren

På grunn av sterk vind har ein tidlegare ikkje lukkast med å frakta mannen ned frå over 3000 meters høgde etter stormen som råka han og to andre klatrarar laurdag.

Men vêret betra seg utover onsdagen, og i natt norsk tid bekreftar den nasjonale parken i ei pressemelding at dei lukkast i å hente ut mannen.

– Ein obduksjon vil slå fast identiteten til vedkommande og gi ein rapport på kvifor klatraren har omkome, skriv Wold i pressemeldinga.

– Døydde i armane mine

Mannen klatra saman med 41 år gamle Monique Richard frå Canada. De to skal ha søkt ly nær eit område kalla Gibraltar Ledges laurdag, då dei vart råka av ein kraftig snøstorm.

Den canadiske klatraren Monique Richard skriv på si offisielle Facebook-side at dei to vart råka av dårleg svært dårleg vêr på turen ned frå det kring 4400 meter høge Mount Rainier.

«Vi fart fanga i ein voldsom storm, som kom heilt uventa på oss. Vi måtte tilbringe natta på ein steinete plass. Vi blei sterkt nedkjølte, og eg var sikker på at det var eg som kom til å døy, ... men Arvid døydde i armane mine»

På Facebook har Richard lagt ut det siste biletet av Lathi, som syner 58-åringen på veg ned frå toppen i flott vêr.

Mount rainier USA

FUNNE OMKOMEN: Toppen av Mount Rainier i staten Washington ligg 4394 meter over havet.

Foto: Wikimedia / Dllu

Erfaren

UD opplyser til NRK torsdag morgon at dei ikkje kan bekrefta identiteten på mannen før ein dødsattest ligg føre, men at pårørande har blitt varsla.

Den canadiske kvinna er frakta til sjukehus. Det same er ein 26 år gammal mann som skal ha gått på truger i området på eiga hand.

Lahti var ein erfaren norsk klatrar, som tidlegare har lukkast i å nå toppen av Mount Everest to gonger. Han er den einaste nordmannen som har nådd toppen av verdas høgste fjell frå begge sider i løpet av eitt år.

– Mannen vart funne akkurat der Richard skildra at han sist vart sett, heiter det i pressemeldinga frå nasjonalparken.

Laster kart, vennligst vent...

Mount Rainer er det høgaste fjellet i delstaten Washington, toppen ligg 4394 meter over havet.

Siste video

Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.