Hopp til innhold

Omkomen kvinne funne etter leiteaksjon på Utne

Politiet melder at den 74 år gamle kvinna som har vore sakna på Utne er funnen omkomen.

Leiteaksjon på Utne

LEITEAKSJON: Den siste observasjonen av Else Margrethe Clausen var gjort ved Utne hotel.

Foto: Arvid Aga

Det har vore søkt etter den 74 år gamle kvinna, Else Margrethe Clausen, gjennom dagen i dag, og politiet valde i ettermiddag å gå ut med ei etterlysing.

Både Raude Kross, redningshundar og helikopter har vore med på leiteaksjonen på tne i dag. Det var dykkarar frå kystvakta som fann kvinna.

Politiet mistenkjer ikkje at det har skjedd noko kriminelt i saka.