Hopp til innhold

Omkom etter fall frå 9. etasje

Ein mann er død etter eit fall frå 9.etasje i ei blokk i Loddefjord i Bergen.

Klokka 17.10. kom det inn melding til politiet om at ein person hadde falt frå ei høg etasje i blokka i Vadmyrveien i Loddefjord.

– Naudetatane rykka ut til staden, og ein mann i 30-40-åra blei stadfesta omkomen på staden, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Hans-Eirik Thue.

Laster Twitter-innhold

Politiet har starta etterforsking og avhøyrer vitne. Fleire skal ha sett hendinga.

– Vi utfører no kriminaltekniske undersøkingar på staden for å finne ut kva som har skjedd, seier Thue.

Politiet har ikkje fått stadfesta identiteten til mannen, og pårørande er ikkje varsla.

Så langt har ikkje politiet mistanke om at noko kriminelt har skjedd.