Hopp til innhold

Omfattande straumbrot i Bergen sør

Over 22.000 husstandar mista straumen.

BKK sitt utandørsanlegg på Kokstad

TEKNISK FEIL: Ein eksplosjon på denne BKK-stasjonen i Dolviken gjorde at 22.000 husstandar i Bergen sør mista straumen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Fleire tipsarar melder om straumbrot i store delar av Bergen sør i 10-tida søndag.

– Eg høyrde eit smell og så forsvann straumen, seier ein tipsar til NRK.

Både politi og brannvesen rykka ut etter meldingar om røyk frå ein av BKK sine stasjonar på Kokstad.

Over 22.000 husstandar vart råka av det omfattande straumbrotet, men klokka 14.00 søndag skal alle ha fått straumen tilbake.

– Det har skjedd ein alvorleg feil som har fått store konsekvensar, fortel kommunikasjonsrådgjevar Anne Mette Tuvin i BKK.

Oppfordrar til å avgrense straumforbruket

BKK dreiv omfattande kartlegging av problemet søndag føremiddag.

– Vi kjem til å kople ein del av kundane i området over til nærliggande straumnett. Vi oppfordrar dei som bur i Fana til å avgrense straumforbruket, fortalde Tuvin.

Klokka 11.30 søndag var det rundt 9800 kundar utan straum.

– Kundane i Dolviken og Kokstad-området må nok vente ei stund til før dei får straumen att, seier ho.

Det var ein eksplosjon på BKK sin stasjon i Dolviken som laga store skadar på anlegget.

– Vi veit ikkje kva som er årsaka, men dette kan skje frå tid til annan på slike elektriske anlegg. No gjer vi det vi kan for å få oversikt og starte feilretting, seier Tuvin.

Eksplosjon og smell

Det viser seg at det har vore ein eksplosjon i stasjonen.

Ifølgje brannvesenet har det kome kraftige smell frå ein transformator, men det var ikkje opne flammar.

Ingen kom til skade under eksplosjonen.

BKK opplyser at straumbrotet påverka telefonsystemet og at dei difor ikkje fekk sendt ut SMS-varsel til kundane.

Etter ei stund fekk dei likevel sendt ut tekstmeldingar til dei som var råka.

Hordaland sivilforsvarsdistrikt opplyste at dei auka beredskapen under straumbrotet.

Skapar trøbbel for Bybanen

Også Bybanen vert påverka av manglande straum.

Berre fire vogner går mellom Byparken og Kokstad.

Keolis, som har ansvar for drift, opplyser at dei ikkje får på plass fleire vogner, og det vert difor berre avgangar kvar halvtime.

– Dette er ikkje ideelt. Vi har ikkje straum på depotet, så vi får ikkje køyrd ut dei vognene som skal gå, fortel trafikkoperatør Gert Gjessing hjå Keolis.

Bybanen må difor bruke dei vognene som har gått sidan søndag morgon.

– Vi kan ikkje gjere så mykje meir før vi får straumen att, seier han.