Hopp til innhold

Omfattande søk etter båt køyrde på land i stor hastigheit

​Ein båt har gått på land ved Langenuen på Stord. Politiet har funne to menn som var om bord i båten.

Båt på land Langenuen

STOR FART: Båten skal ha hatt så stor fart at den kom seg godt opp på land. Personane som var om bord i båten kom seg utor, og skal ikkje vera spesielt skada.

Foto: Geir Rommetveit

Ved hjelp av etterretningsopplysningar fann politiet to menn i 40-åra på same adresse. Personane var om bord i ein båt som hadde køyrd på land, og blei ikkje funnen i området rundt båten etter hendinga.

Begge personane er frå Stord. Det er mistanke om ruskøyring.

– No er me på legevakta for å gjera undersøkingar og ta blodprøvar. Dei er ikkje spesielt skada, og me kan ikkje sei at dei er i sjokk, fortel operasjonsleiar Jan Magne Østebøvik i Sørvest politidistrikt.

Politiet skal vurdera å avhøyra personane etter kvart.

Leita med helikopter

HRS fekk melding om den havarerte båten klokka 06.19 frå ein forbipasserande båt, ifølge BT.

Båten står ifølge Hovudredningssentralen godt oppe på land, og har hatt ein betydeleg fart for å koma opp i den posisjonen.

Båt på land Langenuen
Foto: Geir Rommetveit

Eit Sea-King helikopter leita etter folk i sjøen, men etter HRS fekk ei avklaring om at dei to personane som var om bord skal ha kome seg i land, blei søket avslutta. Politiet på Haugalandet tok over leitinga på land, og fann personane på same adresse.

Laster Twitter-innhold

– Me er ikkje kjent med skadeomfang, og er bekymra for skadeomfanget i forhold til den farta og den høge energien som kollisjonen og grunnstøytinga tyder på, seier Owe Frøland, redningsleiar ved Hovudredningssentralen til NRK like før klokka 10.

Mistenkte alvorlege skadar

Båten ligg på Stord-sida av Langenuen, like nord for Jektevik. Då NRK snakka med HRS rett før klokka 10 trudde Frøland personane som var om bord i båten kunne vera skada og i sjokk.

– Det har vore fare for ein form for høgenergi og slagskadar ved kollisjonen. Me er bekymra for at dei som var om bord ikkje nødvendigvis forstår faren for skader.

Redningsmannskap og politiet jobba i fleire timar for å koma i kontakt med personane som var om bord. Røde Kors deltok i søket.

– Me har heile Stord som aktuelt område. Det er stort fokus på etterretning og informasjon om kvar dei oppheld seg, og på å eventuelt koma i kontakt med dei, slik at me får undersøkt dei, sa Frøland til NRK klokka 10.

Saka blir oppdatert