NRK Meny
Normal

Om du kan få borrelia, kjem an på immunsystemet ditt

Dei aller fleste som får borrelia-bakterien i seg blir ikkje sjuke, ifølge forskar ved Haukeland universitetssjukehus.

Flått

BLODPRØVE: Gjennom ein blodprøve kan du finna ut om du ein gong har vore smitta, eller om du er smitta no. – Du bør uansett bli kvitt bakterien, seier forskar Elling Ulvestad.

Foto: Tor Saltrøe / NRK

– Din immunrespons mot borrelia er det som er avgjerande. Nokre reagerer godt, og andre mindre godt, fortel Elling Ulvestad, professor ved Mikrobiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

Han forskar på bakteriane i flåtten.

Sommaren er høgsesong for skogflåtten. I Noreg er det rundt 400 menneske som får ein alvorleg borrelia-infeksjon kvart år.

Om du har blitt smitta og behandla for borreliose ein gong, så er du ikkje nødvendigvis immun.

– Du kan få gjentatte infeksjonar, seier Ulvestad.

Låge sjansar for å bli smitta

Viss du først får ein sjukdom frå flåtten, kan det vera farleg.

– Men me tenker heller «kor stor er sjansen for at du får det smittestoffet i deg?», og den er veldig låg, seier Ulvestad ved Haukeland universitetssjukehus.

Elling Ulvestad, professor ved Mikrobiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

Elling Ulvestad, professor ved Mikrobiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Ved mikrobiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus i Sogn og Fjordane forskar Reidar Hjetland på sjansen for å bli smitta.

I Sogn og Fjordane har 10 prosent av blodgivarane blitt biten av flått og fått borrelia-bakterien i seg. Forholda er identiske i Hordaland.

– Dette er veldig mange, men ingen av dei er blitt sjuke. Det betyr at dei aller fleste av dei som blir biten av flått og får borrelia-bakterien i seg ikkje blir sjuke, fordi kroppen overvinn den der og då, seier Ulvestad.

Borrelia-vaksinen blei tatt vekk

Tidlegare fanst det ein vaksine mot borrelia i Noreg.

– Den blei avregistrert for veldig mange år sidan fordi det var ein del biverknader med den, og dessutan så var det ingen som etterspurde den.

Det andre smittestoffet i skogflåtten, TBE, finst det derimot vaksine for. Vaksinen blir brukt dei områda der det er risiko for å få TBE-infeksjon.

– TBE finst utelukkande på Sørlandet, frå Flekkefjord og opp mot Larvik, fortel Ulvestad.

Årleg er det om lag ti personar får TBE-infeksjon (Tick-borne encephalitis virus).

– Så det å gå i skogen i Hordaland er det ingen risiko med så framt du kikkar litt på kroppen din om kvelden, og fjernar flåtten.

Flått

TETT PÅ: Bilde av flått tatt i elektronmikroskop. Framst midt på dyret ser me munnen som er full av mothaker.

Foto: Egil Severin Erichsen / Universitetet i Bergen

Utvikla diagnosetest for borrelia

Mikrobiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus var dei første som laga ein diagnostisk test for borrelia-bakterien.

Bakterien blei oppdaga i 1982. I 1985 fekk forskarar tak i borrelia-bakteriar, og brukte dei til å laga ein blodprøvetest av.

– Sidan har me utvikla desse testane, og no har me eit veldig godt diagnostisk verktøy for denne flåttsjukdomen, fortel Ulvestad ved Mikrobiologisk avdeling.

Blodprøven viser om du ein gong har vore smitta, eller om du er smitta no.

– Anten tar immunsystem seg av borrelia-bakterien sjølv, eller så kan du ta penicillin. Du bør uansett bli kvitt bakterien, seier Ulvestad.