Jublar over å få oljerigg på skulen

ODDA (NRK): Ein fullskala oljeseparator-rigg skal gjere yrkeselevane i Odda betre rusta til å møte arbeidslivet. – Ein kjempeidé, seier lokal bedriftsleiar.

Oljerigg yrkesskule Odda

SEPARATOR-RIGG: Oljeriggen er for stor til å ha inne på skulen og skal derfor stå på utsida av yrkesskulen i Odda.

Foto: Pål-Audun Tømmernes

Oljeriggen er ei gåve frå Equinor og skal plasserast i eit glashus på utsida av yrkesskulebygget i Odda.

– Vi håpar å få lyssett riggen, slik at han lyser opp og blir ein viktig del av fasaden vår, seier rektor Øyvind Bjørkevoll ved Odda vidaregåande skule.

Hordaland fylkeskommune har òg løyvd to millionar kroner til prosjektet, som skal nyttast i opplæringa på skulen.

Saka blei først omtalt i Hardanger Folkeblad.

Odda vidaregåande skule

FÅR STØTTE: Hordaland fylkeskommune har løyvd to millionar kroner til oljeriggen som skal bli nytta av elevane på yrkesskulen i Odda. Riggen skal plasserast i eit glashus på utsida av skulebygget.

Foto: Odda vidaregåande skule

Skal brukast i opplæringa

Rektoren fortel at oljeriggen inneheld røyr, ventilar og andre styringssystem som blir brukt i offshoreindustrien, og som bedriftene vil kjenne igjen.

– Den kan nyttast til fleire av våre opplæringsformål. Kanskje spesielt for prosessoperatørar, men òg automatikk og elektro, seier Bjørkevoll.

Det var oddingen Pål-Audun Tømmernes som kom over riggen, og som tok initiativ til å få den inn i undervisninga. Han er tidlegare tilsett ved skulen og har lang fartstid i Equinor.

Øyvind Bjørkevoll

FLEIRE FORMÅL: Rektor Øyvind Bjørkevoll seier separator-riggen kan nyttast til ei reikke formål i yrkesopplæringa på skulen.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Dei skulle ikkje bruka han lenger, og då fann vi ut at det var ein god idé å ta riggen i bruk i samarbeid med næringslivet, seier Bjørkevoll.

Han legg til at riggen kan tilpassast lokale forhold, og at fleire av dei største bedriftene i Odda allereie har vist interesse.


– Gir betre fagfolk

Blant dei som har meldt si interesse er den lokale bedrifta Tizir i Tyssedal. Dei ønskjer å sende lærlingar til skulen, slik at dei kan øve seg på utstyret og få meir praktisk erfaring.

– Vi syntest det var ein kjempeidé. Med eit slikt anlegg i nærleiken trur vi at vi kan få endå betre fagfolk, seier teknisk sjef Trond Thiis.

Oljeriggen blir òg teke godt imot blant elevane. Lise Andersen går på prosess og kjemilinja og drøymer om å bli prosessoperatør.

Ho gler seg til riggen kjem på plass.

– Eg trur det vil vere ein fordel når vi skal ut i lære. No får vi sett skikkeleg korleis det fungerer, og då blir det blir det mykje enklare å lære, seier Andersen.

Trond Thiis

POSITIV: Teknisk sjef Trond Thiis i Tyssedals-bedrifta Tizir trur oljeriggen vil koma til god nytte både for dei og resten av næringslivet i Odda.

Foto: Tale Hauso / NRK