Hopp til innhold

Oljenæringa meiner nordmenn tek feil: – Lenge til fisk er like viktig som olje

Meir enn ein av tre nordmenn har større tru på fisk enn olje i framtida, viser ei ny undersøking. – Då har vi ikkje gjort jobben vår, seier Norsk olje og gass.

Oppdrettslaks i håv ved oppdrettsanlegg

FRAMTIDSRETTA: I ei undersøking frå Universitetet i Bergen kjem det fram at 36 prosent av befolkninga trur fiskeri og oppdrett blir den viktigaste næringa framover.

Foto: André Bendixen / NRK

Trua på fiskeri- og oppdrettsnæringa er større enn nokon sinne, viser ei ny undersøking frå Universitetet i Bergen.

Medan 36 prosent av dei spurde trur fisk vil bli den viktigaste næringa for Noreg i framtida, svarar berre 22 prosent at dei trur olja vil bli det.

– Dette viser at det norske folk er ganske informert, og er i ferd med å innsjå at olja er på veg ut, seier professor og marin dekan Jarl Giske ved UiB.

– Eg trur folk ser at fiskerinæringa leverer produksjon som har stor verdi for samfunnet vårt, seier Giske.

Eit trendskifte

Den same undersøkinga vart gjort for to år sidan. Då svara flest at dei trudde olje og gass ville bli viktigast for Noreg framover.

Medan trua på fiskeri og oppdrett har auka med ti prosent dei siste to åra, har trua på olje og gass minska med seks prosent.

– Det er nok fleire årsaker til dette. Olje og gass kjem til å vere ei viktig næring for Noreg i minst ein generasjon framover, men tendensar viser at lønsemda i den næringa vil gå ned, seier Giske.

Oppdrettslaks

POPULÆR I NORD: Aller størst tru på fiskerinæringa har folk i Nord- og Midt-Noreg.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Han meiner behovet for mat og moglegheia til å produsere fisk av god kvalitet og med høg pris vil bli viktig framover.

– Andre næringar må bidra til den velstanden og samfunnsutviklinga som olje og gass har stått for fram til no, seier han.

Oljenæringa reagerer

Men oljenæringa sjølv er ikkje einig.

– Viss folk har meir tru på fisk enn olje, har vi ikkje gjort jobben vår, seier kommunikasjonsdirektør Tommy Hansen i interesse- og arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk olje og gass.

– Fisk kjem nok til å vere viktig for Noreg i framtida, men olje vil vere viktigare i lang tid. Det er ingen motsetnader mellom desse næringane, så dei treng ikkje utviklast på kostnad av kvarandre.

Tru på fisk og oppdrett framover

Landsdel

Fiskeri og oppdrett

Olje og gass

Nord-Noreg

50%

23%

Midt-Noreg

53%

22%

Vestlandet

33%

29%

Austlandet

34%

19%

Sørlandet

23%

25%

Oslo

30%

16%

Ifølge forskingsstiftinga SINTEF kan fiskerinæringa kome til å vere meir verd enn olja i 2035.

Hansen meiner likevel at ein arbeidsplass i olje og gass framleis er verdifull for samfunnet.

Tommy Hansen

UEINIG: Tommy Hansen i Norsk olje og gass meiner olja vil vere viktigare enn fiskerinæringa i mange år framover.

Foto: Frank Barth-Nilsen

– Olje og gass er ein ekstremt høgkompetent industri som treng dei skarpaste hovuda for å finne naudsynte løysingar. Dette er kompetanse som vil kome samfunnet til nytte også framover, med tanke på utfordringar knytt til korleis vi skal kunne produsere fornybar energi, seier Hansen.

Han meiner næringa må ta lærdom av den nye undersøkinga frå Universitetet i Bergen.

– Dette må vi ta som ei tilbakemelding på at vi må gjere ein betre jobb med å fortelje kva vi gjer i denne næringa. Olja vil vere viktig i Noreg i mange, mange tiår framover.