Hopp til innhold

Oljenæringa kan ha nådd bunnen

– Det er ikkje venta fleire store permitteringsrundar i oljesektoren dei neste månadene, melder Nav.

Mobilbilde fra Bidra

OPTIMIST: Tommy Johansen i Nav har ikkje fått varsel om fleire store kuttrundar i olje- og gassektoren.

Foto: Christian Lura / NRK

Assisterande fylkesdirektør Tommy Johansen er forsiktig optimist, sjølv etter meldingane om at 300 kan bli permitterte i to olje- og gassverksemder på Ågotnes.

– Vi har ikkje fått varsel om fleire store permitteringsrundar dei neste to-tre månadene, seier Johansen til NRK.

3,5 prosent ledige

Nav får vanlegvis melding på førehand når verksemder planlegg permitteringar. Intet nytt er derfor godt nytt for ein sektor som slit.

– Vi ser óg at arbeidsløysa er gått litt ned i september, med 0,1 prosentpoeng. Det er første gong på lenge vi ser eit lite teikn til nedgang, seier Johansen.

Det ser ut som om botnen no flatar ut.

Tommy Johansen, Nav-direktør

No er 3,5 prosent av arbeidsstyrken i Hordaland ledig. Det er 21 prosent meir enn i august i fjor, men samstundes er auken lågare enn kva som har vore situasjonen tidlegare i år.

– Det ser ut som om botnen no flatar ut, seier Johansen.

Industrien delt i to

På Ågotnes var det ein trist dag i går. Men på lengre sikt er óg tillitsvald Tommy Angeltveit i Aker Solutions forsiktig optimist.

– Men vi trur ikkje det vil ta seg opp att før mot slutten av 2017, seier Angeltveit, som er klubbleiar i LO-forbundet Industri Energi.

Nav-direktøren seier at arbeidslivet er i ubalanse, og at det er behov for å omskolera store delar av arbeidsstyrken.

– Det er ledige jobbar i til dømes helse- og omsorgsyrka. I tillegg er det ei todeling i industrien i Hordaland. Delen som er avhengig av olje- og gassnæringa, har fått det hardt, medan andre delar går veldig bra og har etterspørsel etter arbeidskraft, seier Johansen.