Oljefond-sjefen: – Vi tenker etikk og klima kun for å tena pengar

BERGEN (NRK): Skuleungdom over heile landet streikar mot manglande handling mot klimaendringane. Samstundes slår Yngve Slyngstad fast at oljefondet berre tar omsyn til etikk og klimarisiko fordi ein trur det vil gi meir pengar i kassa.

Skolestreik for klima

KLIMASTREIK: Skuleungdommar over heile landet streika fredag for å visa sitt klimaengasjement.

Foto: Tom Hansen / NTB scanpix

Det norske oljefondet er no verd nesten 8900 milliardar kroner, og tilhøyrer alle 5,26 millionar nordmenn. Ingen andre land har så stor formue per innbyggjar.

– Klimaendringar, biomangfald og plast i havet er globale utfordringar. Og vi ber multinasjonale selskap tenka over slike globale tema, sa Slyngstad under NHH-symposiet 2019.

NRK ber han utdjupa korleis etiske vurderingar og klimarisiko påverkar investeringane til oljefondet – i dag og til dømes 30 år fram i tid.

– Klimarisiko er openbert ein av dei store risikofaktorane for våre investeringar og for samfunnet generelt. Men korleis det ser ut om 30 år er vanskeleg å seia.

Yngve Slyngstad

LITT OM ETIKK: Mot slutten av sitt halvtimes foredrag på NHH-symposiet om global økonomi, brukte oljefond-sjef Yngve Slyngstad eit par minutt på klima og andre etiske utfordringar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Etikk og klima er lønsamt

– Svekker det lønnsemda i fondet å vektleggja etikk- og klimaspørsmål?

– Nei, vi investerer utelukkande for lønnsemd. Når vi tar dei andre omsyna, er det fordi vi trur det gir meir lønnsame bedrifter på sikt.

– Så oljefondet tenker berre etisk viss det er lønsamt?

– Det var ei spissformulering, men vår jobb er å tena pengar og få god avkastning på pengane me er sett til å forvalta.

– Ikkje etisk investor

NRK viste nyleg TV-dokumentaren «Vikinger mot ulver».

Den handlar om oljefondet, korleis Noreg er avhengig av olje og gass, og korleis fondet prøver å investera i selskap som tar omsyn til mellom anna miljø, menneskerettar og sosiale forhold.

– Klimaet er ein langsiktig risiko for fondet som vi ikkje anar omfanget av. Korleis selskapa påverkar miljøet rundt prøver vi å ta med i reknestykket i investeringane våre. Selskap med stort karbonavtrykk vil vi kvitta oss med, seier Slyngstad i dokumentaren.

Han meiner altså det er langsiktig lønsamt å investera i selskap som vektlegg etikk og klimavenlege produkt eller strategiar, men understrekar at målet er profitt, ikkje etikk.

– Etikk som rettesnor

Statsminister Erna Solberg (H) seier om lag det same i dokumentaren.

– Eg vil ikkje kalle oljefondet ein etisk investor, men ein investor med etikk som rettesnor. Fondet er i hovudsak eit lågrisikoselskap til fordel for det norske folket, ikkje eit politisk verktøy. Eigarskap gir likevel eit ansvar for å be om endringar. Men ein oppnår fleire endringar ved å stilla spørsmål enn ved å trekka seg ut som investor.

Sjefen for oljefondet seier til NRK i dag at fondet kan ha ei viss påvirkningskraft.

– Eg trur vi blir høyrd på i mange situasjonar. Men hugs at dette er eit fond som i snitt eig 1,5 prosent av bedriftene. Så me er éin av veldig mange investorar, seier Slyngstad.

  • Sjå dokumentaren
    Du og jeg eier oljefondet, verdens største statlige fond, som skal gjøre etisk kloke investeringer. Kan og vil det utgjøre en forskjell? Det spør filmskaper Fredrik Horn Akselsen.

– Oljefondet gjer generelt gode vurderingar

Rektor Øystein Thøgersen ved NHH meiner oljefondet har ei viss påverknadskraft.

– Men vi lever i ei stor verd, så ein skal ikkje overdriva påverknaden.

Denne månaden avgjorde regjeringa å kasta 134 reine petroleumsselskap ut av oljefondet, til protestar frå næringa. Men fondet beheld aksjepostar for 223 milliardar kroner i dei store olje- og gasselskapa.

– Eg er ikkje heilt samd i denne avgjerda, men generelt meiner eg oljefondet gjer veldig gode vurderingar når det gjeld klima og etikk, innanfor mandatet dei har.

Øystein Thøgersen, professor ved NHH
Foto: Johan B. Sættem