NRK Meny
Normal

Høgare arbeidsløyse i 29 av 33 kommunar

Arbeidsløysa i offshoresektoren sender kommunar i Hordaland nedover på listene i kommune-NM. Likevel er tre kommunar blant dei tjue beste i landet.

Nedgang i oljebransjen

STILLINGSKUTT: Ifølgje ei oversikt frå NTB har norske medier registrert 37.000 stillingskutt i oljebransjen sidan oljeprisen byrja å falla for drygt to år sidan. Det går hardt utover offshorefylket Hordaland.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Frå å vera blant dei høgast sysselsette i landet, hamnar fleire av kommunane i Hordaland no langt nede på lista over sysselsette i arbeidsmarknaden.

NHO og Vista Analyse står bak den årlege kåringa av Noregs mest attraktive og bærekraftige kommunar. NHO rangerer kommunar etter vekstkraft og attraktivitet basert på 21 indikatorarar, blant anna arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi.

Arbeidsløysa i Hordaland steig dramatisk i 2015, og situasjonen i arbeidsmarknaden gjer store utslag i mange av kommunane.

Nedgang i 29 av 33 kommunar

Berre Vaksdal, Voss, Ullensvang og Etne har fleire eller like mange sysselsette arbeidstakarar som året før. Det betyr at 29 av 33 kommunar opplevde nedgang.

Høg arbeidsløyse og lågare skatteinntekter frå næringslivet dreg verdiskapinga ned.

– Nedgangen i sysselsettinga seier noko om kor sårbare kommunane er og kor avhengige kommunane er av sitt næringsliv. Det viser seg tydeleg i eit offshorefylke som Hordaland, seier regiondirektør i NHO Hordaland, Tom Knudsen.

Regiondirektør Tom Knudsen

SÅRBARE: Nedgangen i talet på sysselsette viser kor sårbare mange kommunar i Hordaland er. Regiondirektør Tom Knudsen i NHO Hordaland trur nedgangen vil halda fram ut 2016, men spår at nedgangen vil flata ut ved inngangen til 2017. – Me håpar at botnen er nådd.

Foto: Moment studio / NHO

Stord og Bømlo rasar på lista

Bømlo og Stord rasar høvesvis 229 og 161 plassar på lista over arbeidssituasjonen. På den totale lista går dei likevel berre 4 og 15 plassar tilbake, og er blant dei 20 beste i Noreg.

– Wärtsilä har hatt stor nedgang i Sunnhordland. Dette har gått utover arbeidstakarar på Stord og Bømlo. Samstundes har Bremnes seashore hatt ei stor auke, seier Knudsen, som poengterer at sidan næringslivet i Hordaland er meir differensiert enn i Rogaland, kjem Hordaland hakket betre frå kutta i offshoreindustrien.

– Hordaland har reiseliv, marin sektor og leverandørindustrien til offshorenæringa å støtta seg på.

Odd Harald Hovland

OPTIMIST: Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland (Ap) vedgår at Bømlo er sårbar når 23 prosent av arbeidsstyrken jobbar i industri- og olje- og gassnæringa. Men havbruksnæringa er eit lyspunkt. – Havbruksnæringa har vist seg å ha god nytte av industriarbeidarar frå Nordsjøen.

Foto: NRK

Lener seg på fleire næringar

Blant dei sysselsette i Bømlo er 23 prosent knytt til industri og olje- og gassnæringa.

– Det er ikkje overraskande at nedgangen har ramma oss i særleg grad, seier Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland (Ap).

Han trur nedgangen vil prega kommunen også framover, men meiner aktørane i næringslivet er forsiktige optimistar etter å ha gjort justeringar i marknaden.

Ordføraren peikar vidare på fiskeri- og havbruksnæringar i vekst.

– Desse næringane står sterkt. Havbruksnæringa har vist seg å ha god nytte av industriarbeidarar og montørar frå Nordsjøen, seier Hovland.

Austevoll best i klassen

Trass tilbakegangen er framleis 12 kommunar i Hordaland blant dei hundre beste i Noreg, og tre blant dei tjue beste – Austevoll, Bergen og Fjell.

Austevoll ligg som nummer seks på den nasjonale oversikta. Mange tilsette i privat sektor og låge utgifter til administrasjon er to av indikatorane som gjer at Austevoll slår godt frå seg i den uoffisielle noregsmeisterskapen. Kommunen er mellom anna best i landet på kjøp av tenester frå private.

– Austevoll står godt som ein kystkommune som er mindre påverka av oljenedturen, seier Knudsen.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.