Opo-elva i Odda vart frykteleg stor natt til 29. oktober 2014.
Vassmengdene tok med seg fleire hus og fleire familiar vart huslause både her i Odda og i Flåm i Aurland kommune.
Hjøllo bru i Odda vart totalskadd av flaumen. Arbeidet med å bygge ny bru er i gong.
I kjellaren til Jan Nordli i Odda budde ei kvinne og hennar sju år gamle dotter. Heldigvis gjekk ingen liv tapt i flaumen.
Elva Opo skar seg gjennom Odda sentrum og tok med seg fire hus. Til slutt måtte også huset til Jan Nordli (det blå bakarst) rivast.
Flaumen i Opo-elva laga store spor i Sørfjorden i Hardanger. Det tok fleire dagar å rydda opp alt det knuste som hamna i fjorden i oktober i fjor.
Også på Voss flauma det godt over, noko som gjekk ut over fleire bygg. Mellom anna det ferske kulturhuset i kommunen.
Tusenvis av eigedommar på Vestlandet fekk skader i oktoberflaumen. Her frå Lærdal i Sogn og Fjordane.
Slik ser det ut i Odda, eitt år etter storflaumen
Verner Eide speidar utover nabolaget som forsvann i fjor.