Hopp til innhold

Oddmund har mista hundre lam i vår

Ein farleg parasitt har tatt livet av nesten halvparten av lamma i årets kull på garden i Odda. – Veldig tungt å miste så mange, seier sauebonden.

Oddmund Hildal

MISTA 100 SAUER: Oddmund Hildal har mista mange lam i vår på grunn av smitte frå parasitten toxoplasma.

Foto: Privat

– Me visste tidleg at det blei mykje tap, for me tek ultralyd på sauene og alt der såg me at det var mykje daude foster, seier Oddmund Hildal.

Oddmund Hildal

– TUNGT: Oddmund Hildal har tatt i mot mange dødfødde lam i vår.

Foto: Privat

I år har bonden tatt i mot kring 100 dødfødde lam på garden i Odda. Sauene har vorte smitta av parasitten toxoplasma, som har breidd om seg på mange gardar på Vestlandet denne våren.

Å få denne smitten i sauefjøset gjer at unge drektige sauer kastar lamma, eller aborterer.

– Det er sjølvsagt veldig tungt å miste så mange. Det er jo inntektsgrunnlaget til garden, seier Hildal.

LES OGSÅ: – Bondeorganisasjonene vil forhandle med staten | Vil gi bøndene en inntektsvekst på 1,75 prosent

Fått fleire meldingar om utbrot

Smitten kjem frå katteavføring, fortel veterinær ved Mattilsynet i Bergen og omland, Arve Viken.

– Det er gjerne unge streifkattar som fører dette med seg. Sauene kan bli smitta ved at dei har beita på eit jorde der det har vore katteskit med smitte i, eller det kan vere at ein katt har gjort frå seg i siloen eller i tørrhøyet.

Lamb

ODDA: Nesten halvparten av lamma Hildal skulle få på garden i vår, døydde på grunn av parasitten.

Foto: Privat

Men trass i at smitten har dukka opp fleire stader i Hordaland denne våren, kan ein framleis ikkje snakke om ein epidemi på Vestlandet, seier Landbruksdirektør Åse Våg.

– Me høyrer om utbrot på gardane, og kanskje er det meir i år enn vanleg, men me har ikkje fått noko konkret melding om det.

Frikjenner fjøskatten

Sjølv om smitten blir overført til sauene frå kattane, hjelper det lite å slå i hel den gamle fjøskatten, seier veterinær Arve Viken.

– Det er ikkje løysinga. Når kattane er blitt smitta med dette, blir dei immune. Har ein sjølv ein katt eller to som er kastrert eller sterilisert slik at dei held seg på garden, så kan dei bidra til å halde vekke streifkattar. Så fjøskattar kan faktisk vere eit godt tiltak.

Menneske er også utsett for parasitten. Den smittar vanlegvis via dårleg varmebehandla kjøtt frå sau og gris eller via uvaska grønsaker og bær som er forureina med toxoplasmaoocyster.

Om ei kvinne vert smitta for første gang medan ho er gravid kan det føre til abort eller alvorlege fosterskader.

LES OGSÅ: Mistanke om at ku døde av miltbrann