NRK Meny
Normal

OBS-varsel: Kraftig vind og snø i fjellet

Austavinden kan føre til sterk vind fleire stader i fjellet i dag og i morgon. I tillegg er det venta snø som kan føre til vanskelege køyreforhold. OBS-varsel er sendt ut til seks fylker.

Expedition Amundsen

BLES: Det er venta sterke vindkast i fjellheimen i dag og i morgon. Bilete er frå ein vindfull dag på Hardangervidda tidlegare i år.

Foto: Kai-Otto Melau

I dag og i morgon er det venta kraftig søraustleg vind med vindkast på 25–30 m/s i fjellet.

– Vi valde å sende ut varsel fordi mange er på ferie i fjellet. Det er her vinden vil vere sterkast, seier vakthavande meteorolog, Frode Hassel.

Onsdag kan det også bli vanskelege køyreforhold på fjellet i Sør-Norge sør for Finse grunna snø og kraftig vind, melder Meteorologisk institutt.

På grunn av dette er det no sendt ut OBS-varsel til seks fylker: Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Rogaland og Hordaland

– Austavinden er lunefull

Sjølv om det ikkje er venta at middelvinden vil vere spesielt kraftig, meiner meteorologen at ein ikkje skal legge ut på lange turar i motvind.

– Austavinden er lunefull, og vi forventar at den vil slå ut svært forskjellig. Plutseleg kan det kome eit godt kast med langt høgare styrke enn middelvinden, seier Hassel.

Ikkje gå på tur i motvind

Sjølv om vinden vil vere sterkast til fjells, kan den også merkast enkelte stader i låglandet.

– Vi har målt bra vind ut Hardangerfjorden i dag, så nokre stader kan ein kanskje bli litt overraska, fortel Hassel.

Sjølv om det er sendt ut OBS-varsel er det ikkje grunn til å ta omfattande førhandsreglar.

– Eg anbefaler ikkje å legge å planlegge lenger turar i motvind. Ein må vere førebudd på at det kan kome mykje vind, seier meteorologen.

Siste video

Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.
Vestlandsrevyen 21.september frå Torgallmenningen i Bergen.