Ein 40 år gamal mann er sikta for ha drepe foreldra sine ved bustaden deira på Kolltveit på Sotra utanfor Bergen.
Politiet vart varsla på ettermiddagen torsdag 27. juni. Dei rykka ut til adressa og fann ekteparet Per Arne Ormehaug (67) og Siri Helen Johannessen (66) drepne på staden.
No er den førebelse obduksjonsrapporten klar.
– Begge døydde som følge av skader og forbløding etter fleire knivstikk, seier politiadvokat Sven Arne Dahl-Michelsen til NRK.
Fann fleire knivar
Rapporten gir ikkje svar på noko nøyaktig dødstidspunkt, men politiet meiner drapet skjedde natt til torsdag.
Dei meiner dei har funne drapsvåpenet.
– Som ein del av den kriminaltekniske gjennomgangen i og rundt bustaden, har politiet sikra fleire knivar og meiner å ha kontroll på det som er brukt som drapsvåpen, seier Michelsen.
Sonen vart pågripen på staden etter at han forklarte politiet at han hadde tatt livet av foreldra sine. Ekteparet skal ha blitt drepne utanfor bustaden, og deretter lagt i garasjen. Sonen peika ut for naudetatane kor foreldra låg.
Ingen spor etter kamp
I forkant skal han ha spylt oppkøyrselen framfor huset, slik at det ikkje var tydelege spor etter drap då politi og ambulanse kom til staden.
– Førebelse undersøkingar tyder på at dei vart drepne på plassen mellom inngangsdøra til huset og garasjen. Det er funne restar av blod på staden, trass i at oppkøyrselen er spylt, seier Michelsen, og legg til at politiet ha gjort fleire beslag inne i bustaden.
– Innandørs er det funne klede som tilhøyrer den sikta, som hadde spor av blod på seg.
– Fekk politi eller ambulanse naudanrop frå huset eller naboar natt til torsdag 27. juni?
– Nei. Det er ingen spor eller teikn til kamp inne i bustaden. Vitne i nærleiken har høyrd skrik og skrål på natta, men har ikkje oppfatta at nokon har vore i fare. Vitne har tenkt at støyen kom frå ein fest, svarar Michelsen.
Uromelding frå pårørande
Politiet gir vidare fleire detaljar om korleis naudetatane vart varsla om dobbeltdrapet.
I utgangspunktet mistenkte dei ikkje nokon kriminell handling då dei rykka ut på ettermiddagen, torsdag 27. juni.
- Klokka 17.10 blir politiet varsla av ambulansesentralen AMK. Dei har fått uromelding om drapssikta og ynskjer at politiet blir med ut på oppdraget. Det er dei pårørande som har varsla AMK, etter ikkje å ha fått kontakt med 40-åringen.
- Klokka 17.49 melder ambulansen at dei er i kontakt med den sikta.
- Klokka 18.05 melder politipatruljen at dei er på ein drapsåstad. Ekteparet vart funne i garasjen.
Politiet etterforskar no den sikta sine bevegelsar frå natt til torsdag og fram til naudetatane kom til staden seint på ettermiddag. Førebels er det gjort to avhøyr av mannen og politiet planlegg fleire.
Forsvarar Fredrik Verling seier til NRK at den sikta førebels ikkje har tatt stilling til spørsmålet om straffskuld.
- Han har gitt si forklaring til politiet om det som har skjedd. Det seier seg sjølv at han har det vanskelig no, seier Verling.
Vurderer helsetilstanden
Sakkunnige skal vurdera om 40-åringen er strafferettsleg tilrekneleg. NRK veit at han seinast få daga før dobbeltdrapet var i kontakt med helsevesenet.
Med det som bakteppe, har Helsetilsynet bestemt seg for å opne tilsynssak mot Helse Bergen. Helsetilsynet har no bede om ytterlegare informasjon i saka.
«Vi ønsker ikke å kommentere denne saken mens tilsynet pågår», skriv viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Clara Gjesdal, i ein e-post til NRK.
Mannen vart varetektsfengsla i fire veker førre helg, men blir teken hand om av helsepersonell på Psykiatrisk klinikk på Sandviken sjukehus.
- Les òg: