– Vi reknar både drapet på treåringen, samt angrepet på 13-åringen sin far, som villa handlingar, skriv politiet i ei pressemelding.
I dag fekk Haugaland og Sunnhordland politidistrikt den førebelse obduksjonsrapporten etter drapet på ein tre år gamal gut i Sagvåg på Stord.
Ein 13 år gamal gut vart tatt hand om av politiet på staden. Han er mistenkt for drapet på sin ti år yngre fosterbror.
- LES OGSÅ:
Politiet skriv av treåringen vart drepen i garasjen som er tilknytt heimen i Sagvåg. Etter angrepet på fosterbroren skal 13-åringen så ha tilkalla far sin til garasjen.
– Då faren kjem ut til garasjen så vert også han angripen, seier lensmann Bernt Norvalls til NRK.
Døydde av stikkskadar
Faren til 13-åringen vart sendt til Haukeland universitetssjukehus med lettare skader.
- LES OGSÅ: |
Obduksjonsrapporten slår fast av den tre år gamle guten døydde av stikkskadar og stump vald.
– Vi har i dag byrja å avhøyre vitne i hans nærmaste krets, fortel lensmannen.
Politiet presiserer igjen at bustaden i Sagvåg ikkje er ei adresse dei har kjennskap til frå før.
Den 13 år gamle guten er under den kriminelle lågalder og kan ikkje straffast for drapet.
– Vi har likevel gitt han alle prosessuelle rettar og etterforskar dette som ei drapssak. Om vi konkluderer med at 13-åringen er gjerningsmannen, vil ikkje dette munne ut i ei straffesak, sa påtaleansvarleg jurist i saka, politiadvokat Bård Njøsen på fredag.
Vanskelege dagar
Hendinga rystar heile lokalsamfunnet på Stord, og lensmann Bernt Norvalls har omtala drapet som djupt tragisk.
– Kvar ein drapssak er tragisk, men denne saka er spesielt tragisk, sa han til NRK førre veke.
I dag var første skuledag for elevane ved Nysæter ungdomsskule der 13-åringen er elev.
– Vi vil prøve å ha ein så tilnærma vanleg dag som mogleg, men vi har beredskap rundt oss og skal prøve å møta elevane utifrå dei behova dei har, seier rektor Trude Aamot.
13-åringen er no til observasjon hjå helsevesenet.
- LES OGSÅ: