Hopp til innhold

Obamas mann skal hjelpe Ap til makta

Arbeidarpartiet har leigd inn ein sentral kampanjearbeidar til Barack Obama for å føre valkamp i dei norske storbyane.

Her blir AP drilla i amerikansk valkamp

MEIR AMERIKANSK? Arbeidarpartiet skal drive valkamp i dei store norske byane ved hjelp frå kampanjearbeidaren til Barack Obama.

Vallogo

Når Arbeidarpartiet no fører valkamp i dei norske storbyane, skal dei syne meir sjølvtillit, bli meir pågåande og i større grad oppsøkje veljarane der dei er.

I alle fall dersom dei følger råda til Daraka Larimore-Hall. Han var ei viktig brikke i Barack Obama sitt valkampmaskineri. No er han henta inn til Noreg for å vinne veljarar for Arbeidarpartiet.

  • Sjå korleis grasrota i Ap blir drilla i amerikansk valkampteknikk øvst i saka.

Går dør til dør for Ap

Daraka Larimore-Hall

VALKAMP: Daraka Larimore-Hall har drive valkamp for Obama. No er han i Noreg for å hjelpe Ap.

Foto: NRK

Hundrevis av frivillige har alt blitt trent opp og sendt ut berre i Bergen. Ifølgje den amerikanske valkampanjearbeidaren er dette vegen å gå.

– I månadane som kjem vil det berre blir meir diskusjon rundt om i samfunnet og i media om utfordringane byane har i vente. Difor er det viktig å kutte rett gjennom alt det, og gå rett til veljarane for å høyre kva saker som er viktige for dei, seier Larimore-Hall.

– Avgjerande å starte tidleg

Arbeidarpartiet har allereie ringt på 13.000 dører berre i Bergen. No køyrer dei for fullt fram til september.

Helst skal kvar veljar møte ein representant for Arbeidarpartiet to gonger før valet, ifølgje Larimore-Hall. Han trur ikkje den pågåande dør til dør aksjonen vil bli for aggressiv for dei norske veljarane.

– Det er heilt avgjerande å starte no. Veljarane som støttar oss må vite om at det er val, ein kan aldri fortelje det nok gonger. Ved å byrje så tidleg kan me også fikse alle dei små problema som måtte dukke opp før D-Day, seier han.

LES OGSÅ: Mener Ap blir valgkampens «felles fiende»