Hopp til innhold

Politiet med nytt våpen i kampen mot narkohandelen

Det rullande lensmannskontoret i Odda kan bli flytta permanent til Bergen. Då vil bergenspolitiet ha eit nytt våpen i kampen mot narkohandelen i Nygårdsparken.

Politioverbetjent Terje Mala

MYKJE UTSTYR: Politioverbetjent Terje Mala i det rullande lensmannskontoret i Odda. No kan bilen verta mobil politipost i Nygårdsparken i Bergen.

Foto: Arvid Aga

Det skriv Bergens Tidende i dag.

– Dette er ein slags ombygd campingbil som vil vera tilgjengeleg for oss dersom vi vel å opprette ein mobil politipost i Nygårdsparken, seier politistasjonssjef Olav Valland ved Bergen sentrum politistasjon til BT.

For i motsetning til politiet i Oslo har ikkje politiet i Bergen ein permanent politipost i byens narkomiljø.

Hordaland Politidistrikt samarbeider med Helse Bergen og Bergen kommune om å overvinne byens opne russcener.

Bergenspolitiet har difor leita etter midlar for etablere ein politipost i Nygårdsparken.

Lensmannskontoret i Odda

KAN FÅ NY HEIM: Ei endeleg avgjerd på om bilen vert flytta til Nygårdsparken vert teken i løpet av mars månad.

Foto: Arvid Aga

Entusiastisk byråd

Eit av tiltaka i samarbeidsplanen er å vera meir til stades i parken. Løysinga på det kan vera politibilen som fungerer som eit rullande lensmannskontor i Odda.

Sosialbyråd Lisbeth Iversen (KrF) vert glad når ho høyrer om moglegheita. Ho seier det er fleire positive ting knytt til ei slik løysing.

– Politiet kan vera til stades på den førebyggande biten, og ikkje berre den biten som handlar om å handtere tryggleik og kriminalitet.

Olav Valland ved Bergen sentrum politistasjon er meir avmålt i sin entusiasme.

– Nokon har kanskje litt store forventningar, seier han.

Sjølv om politikarane håpar at ein mobil politipost vil gjera Nygårdsparken tryggare, meiner Valland det gjenstår å sjå om tiltaket er særleg effektivt.

Politistasjonssjef Olav Valland

POLITISTASJONSSJEF: Olav Valland.

Foto: Ole-Andre Lagmanndokk / NRK

– Om vi plasserer 10 mann i den bilen, vil det framleis vera narkomane i Bergen by. Om vi skyv dei ut av parken, kva då? Det vil vera like mange som treng eit tilbod om behandling, fortel Valland.

Iversen er samd.

– Det hjelp ikkje at berre ein aktør gjer jobben. Vi må alle sette av meir ressursar og trappe opp kvar for oss.

Ei endeleg avgjerd om ein mobil politipost vil bli tatt i løpet av mars månad.