NRK Meny
Normal

Nytt tunnelforslag gir ti tusen færre gangavstand til bybanen

Opposisjonen si tunnelløysing gjer Bybanen mindre tilgjengeleg, meiner byråd Anna Elisa Tryti (Ap).

Bybanen tunneler i sentrum

FÆRRE STOPP: Høgre, Frp, MDG, Sp og Raudt legg opp til tre bybanestopp i Bergen sentrum. Ifølgje fagfolka vil dette gi langt mindre nedslagsfelt, og stopp under jorda er også mindre attraktive for dei reisande.

Foto: Opposisjonens traséforslag / Scanpix

Høgre, Frp, MDG, Sp og Raudt gir ikkje opp å leggja Bybanen utanom Bryggen. Måndag, to dagar før saka skal avgjerast i bystyret, la dei fram skisser til eit massivt tunnelsystem under Bergen sentrum.

Tunnelane og dei underjordiske stoppa vil ifølgje utgreiingane gjera utbygginga mange gonger dyrare, og framlegget har også færre stopp i Bergen sentrum enn Bryggen-alternativet – tre mot fem.

– Vi trur jo du vil kunne få ein raskare bybane, og at du med eitt sentralt stopp faktisk kan betene sentrum på ein veldig god måte, seier Martin Smith-Sivertsen (H), og viser til ideen om eit stort underjordisk stopp nær rådhuset.

Martin Smith-Sivertsen og opposisjonen med ny bybanetrasé

NYTT FRAMLEGG: Martin Smith-Sivertsen (H) la måndag på vegner av Høgre, Frp, MDG, Sp og Raudt fram eit nytt framlegg til bybanetrasé i sentrum og mot Åsane.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Ti tusen færre innanfor gangavstand

Kommunen sine eigne utrekningar i bybaneutgreiinga syner imidlertid at bybanen med byrådspartia sitt framlegg vil nå langt fleire arbeidsplassar og heimar, spesielt arbeidsplassar, enn med opposisjonen sitt.

600 meter reknast som «akseptabel gangavstand» i utgreiingane.

Med dei fem «Bryggen-bane-stoppa» er 39.300 busette og tilsette innanfor dette. Opposisjonen når 10.100 færre med sitt tre stopps-framlegg:

Antall som får gangavstand til bybanen med Bryggen-løsningen

Heim

Arbeid

Totalt

Sandbrogaten

3500

2300

5800

Torget

2500

8100

10600

Kaigaten

1400

9700

11100

Nonneseter

1100

4000

5100

Busstasjonen

1600

5100

6700

Totalt

10100

29200

39300

Antall som får gangavstand til bybanen med det nye tunnelforslaget

Heim

Arbeid

Totalt

Krohnengen*

5500

600

6100

Rådhuset

2000

13000

15000

Busstasjonen

1600

6500

8100

Totalt

9100

20100

29200

*H, Frp, Sp, MDG og R vil ha stoppet lenger nord, ved Nye Sandviksvei / Rothaugen / Sandviken Kirke.

I bybaneutgreiinga har tunnelalternativet ytterlegare eit stopp, i Vetrlidsallmenningen. Det dekkar 5.000 reisande, og nokre av desse vil truleg velja å bruka rådhus-stoppet.

Samstundes skriv dei fem opposisjonspartia at dei vil leggja Sandviken-stoppet nord for Krohnengen noko som svekkjer arbeidsplass- og bustaddekninga.

Anna Elisa Tryti

VIL HA SENTRALE STOPP: – Det er klart flest arbeidsplassar i Torgallmenningen-området. Difor er det viktig å ha fleire stopp i nærleiken, meiner byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap).

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Bybanen blir mindre tilgjengeleg

Fagfolk peikar dessutan på at underjordiske stopp er mindre attraktive for dei reisande. Trass i informasjonen frå fagavdelinga, meiner Smith-Sivertsen likevel ikkje at sentrum blir dekka for dårleg.

– Nei, viss du har eit stopp mellom Sandviken og sentrum, eitt stort sentrumsstopp og eitt ved Bystasjonen og jernbanen, så meiner eg sentrum er ganske godt dekka, seier Høgre-gruppeleiaren.

Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap), som er ansvarleg for å gjennomføra bystyrevedtaket som blir fatta onsdag, meiner få sentrale stopp er det største ankepunktet mot opposisjonen sitt nye tunnelframlegg.

– Bybanen blir mindre tilgjengeleg. Det å få betent sentrum på ein god måte, og å få knytt Bybanen saman med buss, er eit argument som taler for den opne løysinga, seier ho, og legg til at fleire stopp også er ein strategi for å skapa liv i sentrum.

Ove Sverre Bjørdal i Senterpartiet i Bergen framfor rådhuset i Bergen

OPPTEKEN AV FART: Ove Sverre Bjørdal (Sp).

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Brukbar dekning og auka hastigheit

Opposisjonen er opptekne av at Bybanen skal gå raskare.

– Ein får ein brukbar dekning, samstundes som ein vil auka hastigheita kraftig, seier Ove Sverre Bjørdal (Sp) om deira framlegg.

– Du vil ha nesten den same byutviklingseffekten, du vil ha nesten like god dekning i form av stopp, men viss du gjer det med tunnel inn mot sentrum, vil du samstundes få ein raskare bane, seier Smith-Sivertsen.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik