Nytt togsett på Vossebana

Ti splitter nye Flirt-togsett skal snart transportere passasjerar på strekninga mellom Bergen og Voss, og i dag vart fyrste tog levert for prøvekøyring. Togpendlarar kan mellom anna gle seg til mindre støy, betre toalett og eigne straumuttak til kvart sete. Dette er fyrste gong sidan 50-talet at strekninga får heilt nye tog.

Splitter nytt togsett mellom Bergen og Voss
Foto: Renate Hamm / NRK
For fyrste gong på 70 år kan vestlendingar stige om bord på splitter nye togsett på strekninga Bergen-Voss.