For fyrste gong på 70 år kan vestlendingar stige om bord på splitter nye togsett på strekninga Bergen-Voss.
Det er førebels berre eitt nytt togsett på Vestlandet. Innan februar 2019 skal alle dei gamle vognene forsvinne.
NSB lovar passasjerane sine turar med betre plass og mindre støy enn tidlegare, og ein mykje meir komfortabel tur til Voss enn tidlegare.
Markeds- og kommunikasjonssjef i NSB Region Vest, Henning Lirhus, visar stolt fram dei nye vognene.
Ein må ikkje lenger streve for å flytte seg mellom vognene.
Lirhus håpar at passasjerane vil nyte godt av luftigare og meir opne vogner.
Dei nye togsetta er tilrettelagde for passasjerar med handikapp. Lågare golv, romslegare vogner og betre handikapptoalett er nokre av tiltaka frå NSB for å gjere turen lettare for alle.