Hopp til innhold

NYTT SUA-SENTER TIL BERGEN:

Regjeringa foreslår å etablere eit nytt servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA) i Bergen i 2015, i tillegg til kontora som allereie er etablert i Stavanger, Oslo og Kirkenes. – Eit nytt servicesenter i Bergen vil redusere byråkratiet ved arbeidsinnvandring i enda eit pressområde. I Bergen har ein lenge jobba for dette. No sørgar me for at nødvendig finansiering endeleg kjem på plass, skriv arbeids- og sosialminister Robert Eriksson i ei pressemelding.