Hopp til innhold

Nytt styre på Sørstokken

Det nye styret for Stord lufthavn er klart etter bråket i oktober. Sjå kven som sit i det nye styret her.

Stord Lufthavn Sørstokken

Dag Aksnes er vald til ny styreleiar for Stord Lufthavn AS. Han har tidlegare hatt jobben som lufthavnsjef på Flesland, der han slutta i sommar. Frå Stord Kommune er i tilegg Stein Nilsen og Olav Akselsen valde inn.

Dag Aksnes
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

- Eg synes det var spanande å verta spurd om å hjelpa til der nede, og har jo god erfaring frå Flesland, seier den nybakte styreleiaren.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nybord er nøgd, og seier dei no vil sjå nøyare på korleis tilbodet på Sørstokken kan styrkast slik at meir pengar kjem inn - mellom anna ved å oppretta nye, populære ruter.

Torill Selsvold Nyborg
Foto: Kristian Ervik / NRK

For Hordaland Fylkeskommune er Os-ordførar og Frp-mann Terje Søviknes nytt styremedlem.

Dei tillitsvalde ved flyplassen har vald Cecilie Wiik Urdal som sin representant i styret.

Mindre bråk rundt Stord framover?

Stord Lufthavn har vore prega av mykje uro den siste tida, noko som toppa seg då Fylkeskommunen i oktober kravde nytt styre. Då mangla flyplassen 12 millionar kroner som dei håpte fylket skulle bidra med.

Les også: Mistillit på Sørstokken

Fylket sette altså beinharde krav bak innvilginga av lånet, noko som resulterte i nyval av styre og ekstraordinær generalforsamling.

Som varamedlemmer er Torill EIdsheim, vara for Fylkeskommunen sin representant, og Anne Brit Melkevik Dahle, vara for Stord kommune sine representantar, vald.