Hopp til innhold

Nytt rekordår for Trolltunga – men talet på redningsaksjonar fall drastisk

Vaktene i fjellet får mykje av æra for at færre turistar må hentast ut frå fjellet. Men ingen veit om den nye ordninga heldt fram neste år.

Fjellvakt Mats Bjørnstad

NY ORDNING: Mats Bjørnstad er ein av vaktane som i år for første gong har vore utstasjonert døgnet rundt på vegen opp til Trolltunga.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Auka har vore formidabel, seier Olaf Bratland i Statens naturoppsyn (SNO) om årets Trolltunga-tal.

Populariteten til fjellformasjon når nemleg nye høgder også i år.

  • I år tok heile 81.655 personar turen til den populære fjellformasjonen, viser dei ferske tala.
  • Det er ei auke på over 19 prosent sidan i fjor.

Dermed heldt den eksplosive veksten fram: I 2010 besøkte rundt 800 personar Trolltunga. På seks år vart besøkstalet 100-dobla.

Truleg over 100.000 for første gong

Teljaren til SNO vart teke ned denne veka, men viser berre delar av sesongen.

– Mange tok seg inn på ski før teljaren kom opp. Det skulle ikkje forundre meg om det reelle talet er over 100.000, seier han.

Heilt sidan Tripadvisor trekte fram Trolltunga som eitt av verdas mest spektakulære reisemål i 2012, har populariteten auka kraftig.

Det har også hatt andre konsekvensar: Fleire store redningsoppdrag i fjella.

I 2016 måtte Røde Kors rykke ut heile 40 gongar for å hjelpe skadde og slitne turistar ned frå Trolltunga.

I år er talet på redningsoppdrag halvert, med totalt 21 utrykkingar.

Trolltunga

POSTKORT-MOTIV: Motivet med Trolltunga er blitt eit verdskjent fotomotiv og eit ynda mål for mange turistar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Nytt tiltak på plass i år

I sommar vart det nemleg sett på plass ei døgnbemanna vaktbu på stien, og den kan ha mykje av skulda for nedgangen i redningsoppdrag.

– Det har vore ein stor betring denne sesongen, seier Knut Atle Øyre i Røde Kors hjelpekorps.

Mange av redningsoppdraga dei tidlegare åra har gått ut på å motivere trøytte turgåarar og hjelpe til med varme klede eller ein sjokolade.

Fjellvaktordninga har hatt som mål å unngå store utrykkingar for denne typen oppdrag, og Øyre meiner den har hatt stor effekt.

– Sesongen byrja brutalt med 15 aksjonar i juni. Etter vaktbua kom på plass har vi berre hatt seks, fortel han.

Uviss framtid for ordninga

Roald Aga Haug, ordfører i Odda kommune (Ap)

JOBBAR MED TRYGGLEIKEN: Ordførar i Odda, Roald Aga Haug, fortel at dei ynskjer å halde fram med fjellvaktordninga

Foto: Henrik Evertsson / NRK

I år vart det også sett døgnrekord på Trolltunga. Heile 2352 personar passerte teljaren til naturoppsynet den 26. august.

Ordførar i Odda, Roald Aga Haug, fortel at dei i tillegg til fjellvaktordninga har jobba hardt for å forhindre utrykking til Trolltunga.

– Vi har sett i verk mange tiltak. Vi har mellom anna forbetra stiar og sett opp bruer.

Han avslører at dei også har planar for neste sesong.

– Vi har ei liste med fleire tiltak for neste år. Fjellvaktene var ei prøveordning, men vi vil forsøke å utvikle denne vidare, fortel han.