Nytt prosjekt skal få fleire i jobb: Unge uføre får personleg rådgjevar

HAUGESUND/BERGEN (NRK): Utbetalingane til uføre i Noreg auka med seks prosent i fjor. No vil Nav få fleire unge uføre i arbeid med USA-inspirert prosjekt.

Line Skåtøy

– VIKTIG: Line Skåtøy, leiar for Unge funksjonshemmede, synest det er viktig at unge uføre får høve til å delta i arbeidslivet. – Mange har aldri vore i arbeidslivet, trass i harde forsøk og vilje til å jobba.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Etter ei bilulykke i 2010, måtte Line Skåtøy slutta i 80-prosentstillinga si og avbryta ingeniørstudiet ho samstundes tok på fulltid.

Skadane frå ulukka gjer at 32-åringen frå Haugesund den dag i dag framleis er forhindra frå å jobba.

Men som leiar for Unge funksjonshemmede meiner ho prosjektet «Sykt bra jobb», som no blir starta i Bergen, vil vera viktig for mange unge uføre utan arbeid.

– Det vil gi moglegheiter som ikkje har blitt tilbydde før. Mange har aldri vore i arbeidslivet, trass i harde forsøk og vilje til å jobba. Denne moglegheita er ypparleg, sidan dei får jobbspesialistar som legg til rette, seier Skåtøy.

Personleg rådgjeving

Prosjektet rettar seg mot folk som tek imot uføretrygd og er under 30 år. Målet er å få fleire ut i arbeid ved hjelp av tett oppfølging.

Metoden som skal nyttast heiter Individual placement and support – individuell plassering og støtte (IPS), og er utvikla i USA.

– Med denne metoden ser me kva brukarane ønsker å jobba med, og utifrå det blir me einige om ein strategi for kva arbeidsgjevar me skal sjå etter, seier Erik Rasmussen, leiar for Nav Bergenhus.

Deltakarane i prosjektet får sin eigen personlege rådgjevar – kalla «jobbspesialist». Saman kartlegg rådgjevaren og deltakaren kva styrker og interesser den deltakaren har.

Jobbspesialistane skal så hjelpa deltakarane å finna jobb, men også sørga for tett oppfølging etter oppstart i jobben, og eventuelle tilretteleggingar på arbeidsplassen.

– Me vil sjå om me kan auka restarbeidsevna hos uføre ved tettare oppfølging, seier Rasmussen.

#syktbrajobb prosjekt

LANSERING: Jobbspesialist Ane Bysheim og leiar for Nav Bergenhus Erik Rasmussen er klare for å lansera det nye prøveprosjektet «Sykt bra jobb».

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Fleire uføre under 30

Tal frå Nav som blei offentleggjorde tidlegare denne månaden, viser auke i trygdeutbetalingane til uføre.

Summen Nav utbetalte til uføre auka med seks prosent frå 2017 til 2018.

– Sjølv om dei unge utgjer ein liten del av alle uføretrygda, gir auken grunn til bekymring. Personar som blir uføretrygda i ung alder vil kunna stå overfor eit langt liv utanfor arbeidslivet, seier statssekretær Guro Angell Gimse (H) i Arbeids- og sosialdepartementet.

Gimse rosar initiativet «Sykt bra jobb» og er positiv til bruk av IPS-metoden generelt.

Nav-leiar Erik Rasmussen påpeikar at gevinsten vil kunna bli langt meir enn berre lågare uføreutbetalingar.

– Me ønsker at uføretrygda skal få høve til å oppleva dei positive sidene ved å vera i jobb, som det å ha eit arbeidsmiljø, kollegaar og faste rutinar. Det er mykje identitet knytt til det å vera i arbeid i dag, seier han.