Hopp til innhold

Nytt Nav-tiltak skal få fleire arbeidsinnvandrarar i jobb

– Auken i arbeidsinnvandrarar utan jobb kan gje meir trygdeeksport, seier Erlend Wiborg (Frp). No skal eit nytt Nav-tilbod hjelpe fleire arbeidsinnvandrarar i arbeid.

Polske arbeidere i Lodz, Polen

KRAFTIG AUKE I ARBEIDSLEDIGE: Arbeidsinnvandrarane er dei fyrste som blir ståande utan jobb når arbeidsløysa aukar, seier fylkesdirektør i Nav, Anne Kverneland Bogsnes. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Næss, Anne Elisabeth / SCANPIX

Nye tal frå Nav syner ei kraftig auke i arbeidsledige IKT-og industriarbeidarar, samt bygg og anleggsarbeidarar. Arbeidsløysa råkar spesielt hardt arbeidsinnvandrarar som er komme til Noreg for å jobbe.

Erlend Wiborg

Stortingsrepresentant for Frp og nestleiar i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, Erlend Wiborg, meiner auken i arbeidsløysa kan føre til auke trygdeeksport.

Foto: TERJE STEN JOHANSEN/Fremskrittspartiet

– Det er spesielt ei auke av permitterte og ledige frå OECD-land, seier fylkesdirektør i Nav, Anne Kverneland Bogsnes.

Stortingsrepresentant for Frp og nestleiar i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, Erlend Wiborg, meiner auka arbeidsløyse hos arbeidsinnvandrarar kan gjere at fleire tek med seg norske trygdepengar ut av landet.

– Eg er uroa for at dette vil føre til auka trygdeeksport. Me kan risikere at fleire endar med å ta mot ytingar i staden for å søke seg til nye jobbar, seier Wiborg.

Vil justere trygdeutbetalingane for arbeidsinnvandrarar

Kristian Dahlberg Hauge

Statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet Kristian Dahlberg Hauge (Frp) trur ein vil sjå ei auke i utbetalingar av dagpengar til utlandet.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet Kristian Dahlberg Hauge (Frp) seier det er ei lita gruppe, fryst og fremst pendlarar, som har krav på å få utbetalt dagpengar medan dei oppheld seg i utlandet.

– Det kan vere ein større del innan oljebransjen som er i denne gruppa. Det vil bety at ein får noko auka utbetalingar av dagpengar til utlandet, men me trur delen av dei samla dagpengane som vert utbetalte til utlandet framleis vil vere låg.

LES OGSÅ: Flere sender kontantstøtten ut av landet | Vil ha slutt på at polakker sender kontantstøtte ut av landet

NAV vil arbeide meir direkte mot arbeidsinnvandrarar

Eit nytt Nav-tilbod skal no få fleire arbeidsinnvandrarar over i jobb. Tiltaket er lagt til Nav Bergenhus og skal rette seg spesielt mot arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa.

– Me har avdekka at ein del som går på arbeidsløysetrygd faktisk ikkje er reelle arbeidssøkjarar. På grunn av språkproblem er det ofte vanskeleg å få klarheit i dette. No skal to tilsette med språkleg kompetanse avklare dette, og samstundes hjelpe dei som leiter etter arbeid ut i jobb raskare, seier fylkesdirektør i Nav, Anne Kverneland Bogsnes.

NAV i Hordaland ser behovet for å opprette eget kontor for arbeidsledige østeuropeere, spesielt fra oljebransjen.

Fleire reiser heim på grunn av arbeidsløyse

Auken i arbeidsløyse hos arbeidsinnvandrarar har alt ført til at fleire no reiser tilbake til heimlandet, fortel fylkesdirektøren i NAV.

– Arbeidsinnvandrarane er dei fyrste til å bli ledige. Ein del vil få seg nye jobbar, ein del vil halde fram som arbeidssøkjarar, og ein del reiser no tilbake til heimlandet. Eg reknar med at enno fleire kjem til å reise dersom utviklinga held fram.

LES OGSÅ: Må lære seg norsk på egen hånd