Hopp til innhold

Nytt kart varslar kvar lakselusa er på veg

Veterinærinstituttet sitt nye lusekart gjer det mogleg å oppdaga lakselus tidlegare. Dermed kan oppdrettarane raskare ta grep mot smitten.

Lusekart nå og to uker frem

VISAR SITUASJONEN: Kartet til venstre viser smittepresset på Vestlandet no. Kartet til høgre viser korleis forskarane har rekna seg fram til korleis situasjonen er om to veker.

Foto: Veterinærinstituttet

Lakselus er ei stor utfordring for oppdrettsnæringa. Parasitten som et og skadar fisken, gir oppdrettarar langs heile kysten store problem.

No har Veterinærinstituttet utvikla to nye luseverktøy som skal gjera det mogeleg å få eit førehandsvarsel på mengda lakselus i ulike område.

– Me håpar at dei kan gjera at oppdrettarane kan ta grep tidlegare. Opplysningane om kor stort smittepresset er, og korleis det påverkar utviklinga, håpar me gjer at folk får eit tidleg varsel om det som kjem til å skje, seier Peder Jansen, forskar ved Veterinærinstituttet.

Lakselus

VIL STOPPA LUSA: Forskarar ved Veterinærinstituttet har utvikla nye verktøy for å stanse lakselus.

Foto: Veterinærinstituttet

Kalkulator og kart

Jansen står saman med fire andre forskarar bak dei to nettbaserte verktøya «Lusekartet» og «Lusekalkulatoren».

Lusekartet viser smittepresset, som er den relative konsentrasjonen av lakselus langs heile kysten.

Forsker Peder Jansen ved Veterinærinstituttet

FORSKAR: Peder Jansen ved Veterinærinstituttet har saman med kollegaer utvikla verktøya.

Foto: VETERINÆRINSTITUTTET

– Berekningane er gjort på bakgrunn av det som blir rapportert av kjønnsmodne holus frå alle lokalitetar kvar veke, fortel Jansen.

I tillegg viser rapporteringane temperaturar i sjøen, og kor mykje fisk som er på lokalitetane. Dermed kan ein rekna kor mykje smitte som blir produsert på alle lokalitetar.

Målingane som blir gjort, blir plotta inn i lusekartet.

– Kartet viser eit smittepress som varierer i konsentrasjon langs heile kysten.

Hans Inge Algrøy

Regionsjef for havbruk vest i Sjømat Noreg, Hans-Inge Algrøy

Regionsjef Hans-Inge Algrøy seier Sjømat Norge er positive til alle tiltak som kan hjelpa oppdrettarane til å få betre kontroll over lusa i anlegga sine.

– Det er viktig at ein angrip reproduksjonen av lus, og tar det i eit tidleg stadium.

– Saman med andre initiativ er dette positivt for næringa, og ser ut for å kunna hjelpa i den retninga som alle ønsker me skal gå når det gjeld kampen mot lakselus.

Lagar prognose

Lusekalkulatoren er ein grafisk framstilling av smittesituasjonen langs heile kysten. Den bygger på kor mange lus oppdrettarar har telt opp.

– Me får eit tal på lus per fisk, og dette må ein plugga inn i modellen saman med kor stor fisken på staden er, og ein del andre faktorar, forklarar forskar Peder Jansen.

– Fôrar du lusekalkulatoren med opplysningane i tillegg til smittepresstala frå kartet, lagar kalkulatoren ein prognose på kva du kan forventa av lusesmitte dei neste tre vekene, seier Jansen.

Tettleiken av lakselus er ofte stor i sør tidleg på året, før den utover sommaren tar seg opp også lenger nord.

– Viss det er slik at det er forventa stor utvikling av smitte, må ein gjera tiltak for å få dette under kontroll. Og det håpar me dette verktøyet kan bidra til, slik at ein kan gjera tidlege inngrep, seier Jansen.