Hopp til innhold

Nytt jordskjelv i ettermiddag

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Nytt og kraftigare jordskjelv i ettermiddag, denne gongen med senter på Voss. Det er store spenningar i grunnen på heile Vestlandet no, seier ekspert.

Voss
Foto: Steinar Nedkvitne

– Eg høyrde ein dur som auka, og plutseleg small det. Heile huset rista, seier Grete Haugen frå Eksingedalen til NRK.

Ho har høyrt frå fleire i området som har merka skjelvet, som skjedde like etter klokka 12.

Det nye skjelvet skjedde berre fem timar etter jordskjelvet utanfor Fedje i dag tidleg .

– Hunden er livredd

– Eg har merka jordskjelv før, men aldri så sterkt som dette. Både hundar og kattar reagerte. Hunden min er livredd, seier Haugen.

Politiet i Hordaland opplyser at dei har fått meldingar om jordskjelvet frå folk i områda Kvamskogen, Eksingedalen, Bergsdalen og Voss.

Det kjem også meldingar både frå Bergen, Fusa og heile Hardanger frå folk som har merka det siste skjelvet.

Kjell Jøran Hansen stod på ski i Myrkdalen då jordskjelvet kom.

– Det gjekk eit kraftig drønn gjennom heile dalen. Det kunne minna litt om sprenging, men samtidig så var det ikkje heilt likt likevel, seier Hansen.

Jordskjelvet kunne også merkast i Sogn og Fjordane .

– Eg sat i sofaen og las, og plutseleg så høyrer eg ein slik dur. Så rista heile huset, seier Alvhild Gudvangen i Høyanger i Sogn og Fjordane.

Kuvvet Atakan

INGEN GRUNN TIL URO: Kuvvet Atakan meiner det ikkje er grunn til uro.

Foto: UiB

Senter på Voss

Jordskjelvekspert Kuvvet Atakan ved Universitetet i Bergen seier skjelvet som blei registrert klokka 12.05 hadde senter 14 kilometer under bakken på Voss og ein styrke på 3,3.

Det er hakket sterkare enn skjelvet som blei registrert utanfor Fedje klokka 07.05, som var på 3,2.

Dessutan blir det siste skjelvet merka tydelegare fordi det er på land og i eit meir tettbygd område, ifølgje Atakan.

Fleire som bur på Voss trudde først det hadde skjedd ei alvorleg sprengingsulykke i samband med bygginga av den nye Vangstunnelen på E16 forbi Voss sentrum.

– Vi har førebels lokalisert skjelvet til Voss, men vi vil sjå om vi kan lokalisera det endå meir bestemt ved å sjå nærare på våre data, seier Atakan til NRK.no.

Ti dagar sidan sist

Det er berre ti dagar sidan eit endå sterkare jordskjelv ramma Vestlandet .

Dette skjelvet hadde senter ved Skjold, like sør for fylkesgrensa mellom Hordaland og Rogaland.

Styrken var 3,5, altså meir enn begge jordskjelva i dag. Det kunne merkast i store delar av Hordaland, Rogaland og Vest-Agder.

Dette jordskjelvet blei registrert på alle stasjonane i det norske nasjonale seismiske nettverket.

Jordskjelv på Vestlandet

Dato

Styrke

Episenter

24. mars 2012

3.3

Voss

24. mars 2012

3.2

I havet sørvest for Fedje

14. mars 2012

3.5

Mellom Skjold og Vikebygd

Spenningar i grunnen

Tabellen ovanfor viser dei tre siste jordskjelva på Vestlandet. Eksperten på Universitetet i Bergen ser alle dei tre jordskjelva i samanheng.

– Det er tydeleg at det no er spenningar i grunnen på heile Vestlandet. Heile jordskorpa er under spenning, seier Atakan.

Men så langt meiner han det ikkje er grunn til uro for vestlendingane.

– Sjølv om det er uvanleg med to skjelv så tett på kvarandre same dagen, og eitt til for kort tid sidan, så er ikkje desse skjelva sterke nok til at dei gjer materielle skadar, seier Atakan.