NRK Meny
Normal

Nytt håp for Sotra–delfinen «Delfie»

I dag starta redningsaksjonen for å berge Sotra–delfinen. – Eg trur ikkje «Delfie» overlever dersom me ikkje får av snøret, seier direktør for Akvariet i Bergen, Kees Ekeli.

Delfinen "Delfie" utanfor Sotra

BERGINGSAKSJONEN ER I GONG: Akvariet i Bergen sette i dag i gong med redningsaksjonen for å frigjere «Delfie» frå fiskesnøret han har vikla seg inn i.

Foto: Mette Torgersen

I fleire år har delfinen «Delfie» vore ein kjæledegg for hyttefolk på øya Sotra, vest for Bergen. Men kring påsketider i år la folk merke til at delfinen hadde fått eit fiskesnøre kring halsen. Det sit godt fast, og delfinen har ikkje klart å komme seg laus frå snøret på eiga hand.

Kees Ekeli

Direktøren ved Akvariet i Bergen, Kees Ekeli, seier det er særs viktig å hjelpe delfinen før det er for seint.

Foto: Leif Rune Løland

Akvariet i Bergen sette i dag i gong med redningsaksjonen for å frigjere «Delfie». At Akvariet klarar å fjerne snøret er heilt avgjerande for at «Delfie» skal overleve, seier direktør ved Akvariet i Bergen, Kees Ekeli.

LES OGSÅ: Planlegg redningsaksjon for delfin - Hordaland

– Eg trur ikkje han overlever med den skaden. Det er viktig å gjera noko. Delfinen er framleis i fysisk bra form, men det er snakk om eit problem som berre blir større og større viss ingenting blir gjort, seier Ekeli.

Vanskeleg redningsaksjon

– Ingen som er ute i båt må prøve å fjerne snøret. Då blir han berre redd og det gjer det vanskeleg for oss.

Kees Ekeli, direktør Akvariet i Bergen

Seglbåten som skal vere base for aksjonen kom i ettermiddag til Sotra. No legg Ekeli og resten av bergingsmannskapet ut noter slik at dei kan fange delfinen og fjerne fiskesnøret. Men å fange ein delfin på mellom 50 og 60 kg er ikkje ei enkel oppgåve.

– Delfinar er veldig smarte dyr, og den vil heilt klart ikkje bli fanga. Det som kan gå gale er at den luktar lunta og ser nota. Då kan han bruke sine 30–40 km i timen til å komme seg unna og legge i veg til det yttarste punktet på Vestlandet, seier Ekeli.

Klarar dei å fange delfinen, blir den heist opp på land der eit heilt bergingslag ventar.

– Han er på størrelse med ein middels stor krokodille, og veldig sterk. Me må legge oss over og halde han fast med våte handkle og laken, for så å skjære av snøret.

– Problemet er at då me løftar den på land, så kan han ikkje ligge og slå med halen og hovudet på land. Då kan halen knekke, og heile poenget med redningsaksjonen forsvinn, seier Ekeli.

(Artikkelen held fram under videoen)

Delfinen Delfie på Sotra

REDNINGSAKSJON FOR «DELFIE»: Naboane på Sotra er uroa fordi «Delfie» har fått eit snøre rundt seg.

Ikkje mogleg å bedøve «Delfie»

Ifølgje Ekeli er delfinen av arten gullflanke delfin, noko som er ein delfintype som lev i spesielle sosiale grupper. Ho-delfinane held seg saman i grupper, medan han-delfinane streifar rundt omkring. «Delfie» er ein ung han-delfin.

Å bedøve «Delfie» under redningsarbeidet er ikkje aktuelt, seier Ekeli kontant.

– Grunnen til det er at dei er veldig gode til å dykke. Dei har spesielle system til å lagre oksygen i, så det å bedøve sjøpattedyr er noko av det vanskelegaste som finst.

Dei håpar å klare å hjelpe delfinen ut av snøret i løpet av ettermiddagen i morgon. Ekeli åtvarar folk mot å ta saka i eigne hender.

– Dette er ein ung han som er sosial og likar å leike med båtar. Ingen ute i båt må prøve å fjerne snøret. Då blir han berre redd og det gjer det vanskeleg for oss.

– Men elles er det berre til å fortsette med å følgje med og ha det kjekt med å sjå på han, seier Ekeli.

Siste video

Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo
Nå vurderer naboene å flytte.