Nytt datasenter skal gje den vesle kraftkommunen sårt trengde arbeidsplassar

SAMNANGER (NRK): Kommunen vassar i straum. No opnar dei for eit milliardprosjekt som kan gje hundre nye arbeidsplassar.

Per Espen Edvardsen i Regn Datacenters syner kvar datasenteret skal ligga

– BØRDALEN ER PERFEKT: Per Espen Edvardsen i Regn Datacenters meiner Børdalen er perfekt for eit datasenter.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er logisk å leggja eit datasenter der ein vassar i straum, meiner gründer Per Espen Edvardsen.

Kraftlinjene går over eit lite hogstfelt i Børdalen i Samnanger, ein dryg halvtime frå Bergen. I lia over Storelva skal dei få Noregs største utandørsbygde datasenter.

Det er nettopp vatnet i elva som er grunnen til plasseringa.

Samnanger kommune har mykje vasskraft – men treng sårt arbeidsplassar.

Skisse av REGN Datacenters i Børdalen i Samnanger

MYKJE REGN: I Samnanger er det mykje regn, det vert det straum av.

Illustrasjon: Arqsix

Grønt alternativ

Per Espen Edvardsen er ein av fire gründerar i selskapet REGN Datacenters, som skal byggja senteret. Han meiner Børdalen er perfekt til formålet.

– Senteret skal ligga rett ved Samnanger transformatorstasjon, som har mykje overskotsstraum, seier Edvardsen medan han viser NRK rundt i området.

Her er også kort avstand til fleire uavhengige straumlinjer, som gjer at dei ikkje treng dieselaggregat til naudstilfelle.

– Å få produksjonen til Noreg, kor me har grøn kraft, har stor betydning.

Han trur internasjonale selskap kan vera interesserte i å bruka datasenteret som skal gå på fornybar norsk energi.

Lagerlokale for datamaskiner

Edvardsen skildrar datasenteret som eit lagerlokale for datamaskiner. Maskinene må gå utan stans, slik at tenestene som leiger plass i senteret alltid er tilgjengelege.

– Om du skal i nettbanken er det greitt å veta at det fungerer hundre prosent, heile tida.

Han trekker fram at data frå skytenester kan verta lagra i senteret. Skytenester lagrar brukarane sine data på serverar, slik at dei er tilgjengelege overalt, via internett.

Edvardsen trur også til dømes bilindustrien kan vera interesserte i eit datasenter som går på grøn energi.

Store skatteinntekter

Senteret vert det største av sitt slag i landet, med ein prislapp på ein milliard og opp mot hundre arbeidsplassar.

Samnanger kommune har ikkje hatt ei industribedrift med så mange arbeidsplassar på over hundre år.

Ordførar Knut Harald Frøland trur det kan føra til eit nytt kapittel for kommunen med 2488 innbyggarar.

– Me treng det verkeleg. Me treng fleire arbeidsplassar og me treng tru på oss sjølv.

Eit prosjekt som dette vil i tillegg gje store skatteinntekter til kommunen.

Ordførar Knut Harald Frøland

POSITIV TIL DATASENTER: Ordførar Knut Harald Frøland trur datasenteret kan vera starten på eit nytt kapittel for kommunen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Usikkert kven som flyttar inn

Det er enno usikkert kven som skal flytta inn i senteret, men Edvardsen er ikkje uroa.

REGN planlegg senteret med støtte frå Invest in Norway, eit tilbod frå Innovasjon Noreg. Dei har ei eiga datasenterordning. Gründerane fekk råd om å venta med marknadsføringa til alt er klart.

Eit samrøystes kommunestyre godkjende torsdag kveld reguleringsplanen til senteret.

No ser Edvardsen og REGN Datacenters fram til å setta i gong.

– Me håpar å koma i gong med bygginga til våren, seier Edvardsen.