Hopp til innhold

Endelig, Brann har fått nytt styre

Gamle profilar kasta seg inn i kampen om styreverv i Sportsklubben Brann. Valkomiteen fekk likevel viljen sin.

Eivind Kåre Lunde valgt til ny styreleder i Sportsklubben Brann.

NYVALT: Eivind Lunde vart tysdag valt til ny styreleiar i Sportsklubben Brann. – Eg har ikkje noko mål om å fjerne trenar Rikard Norling, men han veit at han som alle andre vert evaluert etter resultat, seier han til NRK i sitt første intervju som styreleiar i Brann.

Etter at det ordinære årsmøtet enda i sinne og skandale, då nyvalt styreleiar Kjell Tennfjord gjekk av i protest mot at medlemmane ikkje valte alle styremedlemmane han ønskte å ha med seg.

128 medlemmar med røysterett hadde møtt opp på årsmøtet i sportsklubben som er inne i sin vanskelegaste sportslege situasjon på fleire tiår.

Den viktigaste jobben er å sikra klubben ein permanent sportssjef og ein dagleg leiar.

Eivind Kåre Lunde, styreleiar i Brann

LES OGSÅ: Sjokkerte årsmøtet: Tennfjord gjekk av i protest mot medlemmane

Lunde valt samrøystes

Eivind Lunde vart som venta valt som ny styreleiar i klubben.

– Aldeles utmerka å verta valt, seier han til NRK i sitt første intervju som styreleiar i Brann.

Lunde som fram til no har vore styreleiar i investorselskapet Hardball vart valt med akklamasjon og utan motkandidatar.

– Den viktigaste jobben er å sikra klubben ein permanent sportssjef og ein dagleg leiar, seier Lunde.

Arne Møller på generalforsamling i Brann

BENKEFORSLAG: Arne Møller takka ja til å utfordra Birger Grevstad og Morten Kolseth i kampen om styreverva i Brann.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Knut Kristiansen

BENKEFORSLAG: Knut Kristiansen takka ja til å utfordra Birger Grevstad og Morten Kolseth i kampen om styreverva i Brann.

Foto: Sølve Rydland / NRK

To benkeforslag

Etter at styreleiaren var valt, starta dramaet på Brann Stadion. Dei to gamle Brann-profilane Knut Kristiansen (tidlegare direktør) og Arne Møller (tidlegare sportssjef og spelar) vart løfta fram som benkeforslag.

Begge takka ja til å stilla til val.

LES OGSÅ: Styrerot forsinker Brann-ansettelser

Valkomiteen vann fram

Likevel valte årsmøtet å gå for valkomiteen si innstilling. Morten Kolseth, Siren Preto og Birger Grevstad til dei tre ledige ordinære styreverva.

Leiar i supporterklubben Bataljonen Roger Lillebøe-Hansen var ein av dei som tok til orde for at valkomiteen si innstilling burde få fleirtal.

– Eg har full respekt for både Knut og Arne, men eg meiner dette kjem for seint. Derfor ønskjer me at valkomiteen si innstilling vert følgd, sa supporterleiaren.

Frå før er Åshild Samnøy valt inn i styret. Nestleiar Henrik Lie Nielsen var ikkje på val.

Slik gjekk valet:

Siren Preto, 127 stemmer
Morten Kolseth 80 stemmer
Birger Grevstad 69 stemmer
Arne Møller, 56 stemmer
Knut Kristiansen, 49 stemmer

Sidan klubben sine vedtekter føreset at det skal sitja to kvinner i styret var valet av Preto i realiteten klar på førehand.

LES OGSÅ: Tennfjord: – Jeg er oppriktig lei meg