Hopp til innhold

Datatrøbbel slo ut splitter nytt alarmsystem

Dataproblema i Helse Vest slo ut splitter nytt alarmsystem ved privat sjukehus. Varslingssystem til smarttelefonar blei ubrukeleg.

Haraldsplass Diakonale Sykehus

NYTT SJUKEHUS: Haraldsplass flytta inn i nye lokale i oktober i fjor. Sjukehuset blei også råka av dataproblema i Helse Vest onsdag.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Operasjonar blei utsette og helsepersonell fekk ikkje tilgang til pasientane sine journalar. Det var blant problema som oppstod då datasystema til Helse Vest svikta onsdag morgon.

Feilen råka alle sjukehusa i helseregionen. Også ved det private sjukehuset Haraldsplass Diakonale Sykehus fekk dei problem.

I tillegg til forseinkingar i operasjonar og ved poliklinikken, blei eit heilt nytt alarmsystem på sjukehuset sett ut av spel.

Helsepersonell ved sjukehuset får nemleg varsel på ein smarttelefon dersom ein pasient eller tilsett treng hjelp.

– Ved nettverksbortfall som i dag forsvann denne funksjonaliteten, og vi gjekk over til nødrutinar, seier kommunikasjonsdirektør Ingrid Lovise Færøyvik.

Trøbbel i heile Helse Vest

Problema oppstod klokka 09.15 onsdag, då det blei oppdaga ein feil i ei lagringsløysing i datasystema til Helse Vest IKT.

Feilen skal ha blitt retta opp raskt, men førte til at fleire datasystem måtte starta opp att.

– Når vi set i verk ein slik restart, tar det diverre tid for å få systema opp igjen i rett rekkefølgje, seier Erik M. Hansen i Helse Vest IKT.

Blant datasystema som var råka var operasjonssystemet «Orbit». Difor blei alle operasjonar stansa i ein periode.

– I tillegg blei andre program som journalsystem og kurvesystem råka. Det meste går på IKT om dagen. Vi har gode manuelle backupsystem, men då går ting litt treigare enn vanleg, seier Hansen.

Haukeland sykehus sentralblokka og den gamle barneklinikken

RÅKA HEILE HELSE VEST: Problema oppstod klokka 09.15 onsdag, då det blei oppdaga ein feil i ei lagringsløysing i datasystema til Helse Vest IKT.

Foto: Helse Bergen

Nytt sjukehus med ny teknologi

I fjor haust opna Haraldsplass eit heilt nytt sjukehus. Sjukehuset er fullspekka med nye teknologiske løysingar, mellom anna alarmsystemet på smarttelefonane.

Dersom ein pasient eller tilsett har behov for assistanse, trekk dei i ei alarmsnor på rommet. Andre tilsette på avdelinga får då opp eit varsel på telefonen.

Alarmsystem Haraldsplass

ALARMSYSTEM: Tilsette ved sjukehuset får varsel på telefonen om ein pasient eller ein kollega treng assistanse.

Då telefonsystemet streika, nytta dei seg av eit system som viser varslingar i eit display i taket.

– I det nye sjukehuset har vi tatt i bruk ein del ny teknologi. Heldigvis har vi også gode backup-løysingar og beredskapsrutinar i tilfelle systema går ned. Det er godt å sjå at dette fungerer i praksis, seier Færøyvik.

– Ingenting som tyder på dataangrep

Utover føremiddagen var systema i Helse Vest tilbake i drift.

– Dei store kritiske systema er på plass no. Men for pasientane kan det framleis bli nokre forseinkingar som følgje av problema tidlegare i dag, seier Færøyvik.

Ifølgje Helse Vest førte ikkje dataproblema til nokre farar for pasienttryggleiken, utanom forseinkingar. Det er førebels ikkje klart kva den opphavlege feilen skuldast.

– Det er ingenting som tyder på at det dreier seg om eit dataangrep, sa kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen, Erik Vigander.