NRK Meny
Normal

Truga av nedlegging eit halvt år etter opning

Cornerteateret i Bergen manglar kring ein million kroner og klarar ikkje betale husleiga. No står huset i fare for bli nedlagt. – Ei katastrofe, seier kunstnerisk leiar.

Cornerteateret

TRUGA AV NEDLEGGING: Cornerteateret på Møhlenpris i Bergen står i fare for å måtte stengje dørene. Teaterhuset har ikkje fått midlane dei har søkt om hjå kommune og fylkeskommune. – Eit katastrofe, seier Tore Vang Lid, kunstnerisk leiar i Transiteateret.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Linda Børnes og Cornerteateret

TRUGA AV NEDLEGGING: Humøret var på topp då Linda Børnes kunne opne dørene på Cornerteateret i september i fjor. No er huset truga av nedlegging.

Foto: Turid Rogne

– Ja, kan du tenka deg? Sju månader etter opninga, seier ei skuffa Linda Børnes. Ho er ein av prosjektleiarane ved Cornerteateret på Møhlenpris i Bergen.

Teateret husar mellom anna Vestlandske teatersenter som jobbar med barn og unge – og fleire uavhengige grupper. Då huset opna dørene for eit knapt halvt år sidan, uttalte Børnes at ein med Cornerteateret håpa å stogge kunstnarflukta frå Bergen.

– Det er snakk om ein million kroner. Grunnen til at vi no er truga av nedlegging, er at det vi har varsla at vi treng i driftsmidlar, ikkje er blitt tildelt frå kommune og fylkeskommune. Vi manglar akkurat dei pengane for å betale husleige og løn til den tekniske koordinatoren i inneverande år. Og då har vi ikkje moglegheit til å halda huset ope, forklarar Børnes.

– Ei katastrofe

Sju månader etter opninga ber dei sine om å finna ein anna stad å vera. I år søkte dei kommunen om 1,8 millionar kroner i driftsmidlar, og fekk 1,4. Dei bad Hordaland fylkeskommune om 800.000 og fekk ingenting.

– Sjølvsagt er vi skuffa. Vi er skuffa over dei, men mest av alt er det eit stort tap for mange barn som brukar Vestlandske teatersenter og teaterskulen her, held Børnes fram og er også lei seg for konsekvensane ei stenging vil få for den frie scenekunsten i vestlandshovudstaden.

I løpet av dei første sju månadane har det på Cornerteateret vore 14 teaterpremierar, fem gjestespel samt ein internasjonal barne- og ungdomsfestival.

Tore Vang Lid er kunstnerisk leiar i Transiteateret i Bergen. Han seier at han nærast er i sjokk over at det halvt år gamle teaterhuset står i fare for å måtte stengje dørene.

– Det er sjokkarta og ein katastrofe for dei som vil bruke det for rekrutteringa og profesjonelt med scenekunst her i Bergen. Viss ikkje dette fungerer, eit ferdig bygg i koplinga mellom det kommunale og private, korleis skal då andre ting fungere, spør han.

– Kommunen har gjort sitt

Gunnar Bakke frustrert over tagging

FORSTÅR FRUSTRASJONEN MEN: Kulturbyråd Gunnar Bakke (Frp) meiner kommunen har gjort sitt.

Foto: Sølve Rydland

Men det er lite trøyst å hente frå kulturbyråd Gunnar Bakke i Bergen (Frp). Han seier til NRK at han skjønar frustrasjonen frå aktørane på Cornerteateret.

Likevel seier han at kommunen har vore tungt inne og støtta med det dei kan.

– Vi har til no gitt 4,4 millionar kroner og fylkeskommunen har gitt ein million kroner. I tillegg har Kulturrådet gitt tre millionar kroner. Vi er dei einaste som gir driftstilskot, summerer Bakke.

– Tanken var at dette skulle finansierast som eit spleiselag og då føler eg at kommunen verkeleg har gjort sin del av den jobben.

Vil ta opp saka på tysdag

Oddny Miljeteig frå Sosialistisk Venstreparti reagerer sterkt på svara frå kulturbyråden.

– Dette går ikkje an. Det er ei ansvarsfråskriving og han let Cornerteateret segla sin egen sjø, seier Miljeteig, som er nestleiar i komité for kultur, idrett og næring.

– Me skal ha møte på tysdag, og eg vil ta denne saka opp med Gunnar Bakke. Han kan ikkje sitja å sjå på at noko så etterlengta i kulturbyen Bergen går til pises.

Teatermiljøet i Bergen vil aksjonera i håp om å klara å redda Cornerteateret på Møhlenpris frå nedlegging. Måndag 7. april, på dagen sju månadar etter opninga i september i fjor haust, vert det arrangert ein aksjon med appellar og parolar.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik