Alf Helleviks mediemålpris for 2017 er tildelt Sølve Rydland i NRK Hordaland. Prisen er på 25.000 kroner.
Mediemålprisen går til yngre, faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål.
Her er grunngjevinga for tildelinga til Rydland:
Sølve Rydland er 33 år og kjem frå Knarvik utanfor Bergen. Han har sidan han gjekk på Nynorsk mediesenter i 2005/2006 vore knytt til NRK Hordaland. Fyrst som tilkallingsvikar i studietida og seinare journalist, kommentator, vaktsjef og reportasjeleiar.
Rydland er ein god og allsidig journalist. Nynorsken er stødig i alle situasjonar, og han er eit godt språkleg førebilete for kollegaer og lyttarar. Nynorsk, og spesielt normert talemål, er under press og Rydland bidreg til å dempe dette presset.
Frå i år er Rydland tilsett som digitalhistorieforteljar i NRK Hordaland og arbeider med fakta og dokumentar for nettpublisering. Her vert både tekst, lyd, bilete og video brukt. Når publiseringsformene endrar seg og smeltar saman vert det endå viktigare med gode nynorskbrukarar, både munnleg og skriftleg.
Nemnda som deler ut Alf Helleviks Mediemålpris er samansett av Sigvart Østrem, Inger Størseth Haarr og Magni Hjertenes Flyum. Tildelinga er samrøystes.
Utdelinga finn stad torsdag 27. april under årsmøtet til Det Norske Samlaget.
Prisen har vore delt ut sidan 1998. Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Bjørn Bø, Siri Lill Mannes, Ingvild Bryn og Yasmin Syed.