NRK Meny
Normal

Fekk fire nye veker i fengsel

Latvisk mann fengsla i fire nye veker etter funnet av ein død mann på Minde.

Mistenkelig dødsfall på Wergeland

Det var i november at ein mann vart funne død i ein hage i Wergelandsalleen i Bergen. Tre menn er arrestert og sikta i saka.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Den 39 år gamle mannen er sikta for medverknad til lekamsskading med døden til følgje. Siktinga kom etter at ein mann vart funne død i ein hage på Minde i Bergen i november.

39-åringen er sikta saman med to andre; ein 41-åring frå er sikta for lekamsskading med døden til følgje, medan ein 44 år gamal austeuropear er sikta for medverknad.

I dag møtte 39-åringen frå Latvia til fengslingsmøte i Bergen tingrett.

– Han vart fengsla i fire nye veker, med brev og besøksforbod, seier politiadvokat Janne Heltne til NRK.

Ventar på obduksjon

Dei to andre sit framleis i varetekt etter å ha fått forlenga sine fengslingar 6. desember.

På spørsmål om det er aktuelt å utvide siktinga til dei tre fengsla, seier Heltne at det kan vera aktuelt.

– Men ikkje på noverande tidspunkt. Vi ventar framleis på svar frå obduksjonen og den kriminaltekniske undersøkinga på åstaden. Først då vil vi vurdere å utvida siktinga for alle tre.

Politiet har tidlegare uttala at den døde mannen vart utsett for massiv vald. Dei har også undersøkt to sakser på åstaden.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.