Politiet har etterforska forsvinninga til 22 år gamle Dung Tran Larsen sidan ho blei meldt sakna 20. juli 2007. Etter fleire nye søk etter den forsvunne tobarnsmora, har politiet framleis ikkje funne svar på kva som skjedde med ho.
No har politiet fått nye tips i saka, frå fleire personar som hevdar dei er klarsynte, samt frå ein person som skal ha observert noko han til no ikkje har fortalt politiet.
Tore Salvesen, stasjonssjef ved Bergen Vest politistasjon seier dei framleis ikkje har avgjort kva dei skal gjere med tipsa frå dei «klarsynte».
– Me har snakka med forskjellige personar om kor stor moglegheita er for at dei skal bidra. Me har ikkje konkludert med at me skal gjere noko konkret saman med dei.
Salvesen, etterforskingsleiaren i saka, og politijuristen vurderer saka saman.
LES OGSÅ:
Fekk nytt tips på måndag
Politiet har òg motteke eit tips frå ein person som skal ha sett noko i det aktuelle tidsrommet som Dung Tran Larsen forsvann.
– Sjølv no, sju år etter, fekk me eit tips på måndag. Ein person ringde og sa han hadde hatt dårleg samvit i sju år.
– Han hadde gjort ein observasjon i det aktuelle tidsrommet som han ville fortelje om.
Salvesen vil ikkje gå i detalj om kva dette tipset dreier seg om.
– Kor interessant er dette tipset?
– Det veit me enda ikkje. Tipset kom på telefon, og det er snakk kom ein person som kan ha sett noko. Me undersøker detaljane i dette nærmare og sjekkar kva me kan gjere.
Salvesen oppfordrar andre som kan vite noko om korleis Dung Tran Larsen forsvann til å ta kontakt med politiet.
Stasjonssjefen er glad for at saka ikkje vert gløymt.
– Eg er veldig glad for at saka haldast i hevd i media.
– Eg trur framleis at det er ein eller anna person der ute som kanskje sit med den siste puslespelbiten.
LES OGSÅ: