Hopp til innhold

Sjukepleiarar som Ingrid har råd til éin av tre bustader i Bergen

Over halvparten av dei unge i Bergen er villige til å flytte ut for å finne seg billegare bustad. Denne oversikta viser kor stor del av bustadmarknaden unge har tilgang på.

Ingrid Børve Toft

SJUKEPLEIAR: Med litt hjelp har sjukepleiar Ingrid Børve Toft lukkast på bustadmarknaden i Bergen. I Oslo hadde det vore langt vanskelegare.

Foto: Privat

Ingrid Børve Toft har vore heldig. Ho er utdanna sjukepleiar og har sin eigen bustad på Klosteret i Bergen. Ei stor investering for ei ung kvinne.

– Eg har budd her i åtte månader og kjem nok til å bli buande her ei stund.

Toft kan også gi ein peikepinn på kva bustad unge, einslege med fast jobb har råd til.

– Hadde det ikkje vore for snille foreldre hadde ikkje kjøpet vore mogeleg. Det er ikkje lett for unge einslege på bustadmarknaden i Bergen.

Bjørvika i Oslo

DYRT: Oslo er den dyraste byen for unge, einslege som skal etablera seg i bustadmarknaden. Berre fem prosent av byens bustader var statistisk sett tilgjengelege.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Verst i Oslo

Men det er ikkje betre i fleire andre norske byar.

– Generelt ønsker unge å bu sentralt i byane i starten. Seinare opnar dei opp for å flytte ut, ofte for å få seg meir plass, seier Veslemøy Tvedt Fredriksen, administrerande direktør i Eiendomsmegler Vest.

På den årlege bykonferansen til Bergen Næringsråd la ho tysdag fram fersk statistikk frå Respons Analyse og Eiendomsverdi om bustadmarknaden for unge i byen.

Når ein skal samanlikna bustadmarknaden i ulike byar, brukar ein gjerne «singel sjukepleiar» som døme, med snittløn på 540.000 kroner.

Veslemøy Tvedt Fredriksen

DIREKTØR: Veslemøy Tvedt Fredriksen er administrerande direktør i Eiendomsmegler Vest.

Foto: Ole Kaland / NRK

I Oslo hadde ein sjukepleiar berre råd til 5 prosent av bustadene som vart selde i fjor. Like brutal var jakta på bustad i Akershus-kommunane Asker, Bærum og Follo, det same på Romerike.

I Tromsø hadde ein nyutdanna med sjukepleiar-inntekt berre råd til litt over kvar femte bustad. Vanskeleg var det også i byområda Trondheim, Stavanger/Sandnes og Drammen.

Utfordrande å finne familiebustader

I byar som Bodø og Bergen hadde unge råd å kjøpa rundt kvar tredje bustad, viser tala.

– Det vitnar om eit ganske greitt nivå. Bergen er ein relativt billeg by å busette seg i, seier Tvedt Fredriksen.

På Klosteret i Bergen har Ingrid Børve Toft funne draumebustaden. Her er det kort veg til sentrum samstundes som der stille og fredeleg. Dessutan er den grøne lunga Nordnesparken ikkje langt unna.

– Eg kjem nok ikkje til å leite etter ny bustad med det første.

Bergen sett fra Ulriken

INGEN VERSTING: Det er lettare for unge å etablere seg i Bergen enn i mange andre norske byar.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Éin av ti bruker over fem millionar

Tala viser vidare at 41 prosent av dei unge er villig til å bruka to til to til tre millionar kroner på den neste bustaden sin. Ti prosent vil bruke over fem millionar.

Heile 64 prosent av dei under 30 seier at rimelegare bustader utanfor byen er den viktigaste grunnen til at dei kunne tenka seg å flytta ut frå Bergen.

– Den største utfordringa er å finne bustader som er store nok når ein skal stifte familie, seier direktør Fredriksen.