NRK Meny
Normal

Held fram leitinga etter Agnar (74)

Nye vitneobservasjonar gjer at politiet set i gang nye søk etter den sakna 74-åringen neste veke.

Leter

SAKNA: 74 år gamle Agnar Ingemar Holtås har vore sakna frå bustaden sin i Mathopen sidan laurdag 28. juni. Neste veke startar politiet med nye søk.

Agnar Ingemar Holtås (74) har vore sakna frå heimen sin i Mathopen sidan laurdag 28. juni. Totalt rundt 100 personar har delteke i leitinga etter mannen, men førebels utan resultat.

På søndag søkte politiet etter den antatt omkomne med sonar gjennom Vatlestraumen, frå Haakonsvern i sør til Sotrabroen i nord, men politiet står framleis utan spor.

– I dag har vi hatt eit møte med dei pårørande. Her diskuterte vi moglegheita for å gjere nye søk, seier politstasjonsjef Tore Salvesen ved Bergen sentrum politistasjon.

Nye observasjonar

På møtet vart ein einige om halde fram leitinga etter 74-åringen neste veke.

– Nye vitneobservasjonar gjer av vi skal søke på land og i vatn i nærleiken av bustaden hans. Vi startar søka tidleg i neste veke, fortel Salvesen.

Han bekreftar at dei skal gjera søk med det same sonarutstyret dei nytta i Vatlestraumen førre helg.

Agnar Ingemar Holtås er 174 cm høg og har normal kroppsbygning. Han er skalla med litt grått hår på sidene. Han snakkar vestlandsdialekt og var iført beige bukser og gul skjorte då han forsvann frå heimen sin. Ein kan tipsa politiet på telefon 02800.

Siste video

Ein person mista livet då eit stort snø- og jordras trefte Odda i 1993.
Programleiar er Jan Børge Leirvik
Programleiar er Jan Børge Leirvik