Odda, Aurland, Vik og Gaular får totalt 71,6 millionar kroner i utbetaling frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dette er andre runde med skjønnsmidlar som skal gå til utbetring av skader på kommunale vegar, bruer og anna infrastruktur.
Det var i slutten av oktober i fjor at kraftig regnvêr førte til flaum fleire stader på Vestlandet. Aller verst slo flaumen ut i Hardanger, på Voss og i Indre Sogn.
Flaumen førte til store skader på både privatbustader og kommunal infrastruktur. I Odda måtte fleire familiar sjå husa sine blir rivne vekk då Opoelva gjekk langt over sine breidder.
Mest til Aurland
I desember i fjor fekk kommunane utbetalt nærare 90 millionar kroner, der Odda fekk mesteparten med 51 millionar kroner.
- LES OGSÅ:
Denne gongen er det Aurland som får mest pengar av departementet. Dei får 64 millionar kroner av midlane som blir utbetalt i september. Voss får ikkje utbetalt midlar i denne runden.
– Viktig at samfunnet stiller opp
Departementet har fått inn oppdaterte kostnadsoverslag frå dei fleste av dei flaumråka kommunane, og andre runde med nye midlar blir utbetalt no i september.
– Det er viktig at storsamfunnet stiller opp når lokalsamfunn blir råka av naturkatastrofar, og det gjer vi no for kommunane som opplevde store skadar etter flaumen på Vestlandet i fjor haust, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
- LES OGSÅ:
Departementet har no utbetalt nærare 158 millionar kroner til kommunar i Sogn og Fjordane og Hordaland etter flaumen i 2014.