NRK Meny
Normal

Nye klager i tolvte time for å redda 12 bustader frå Bybanen

FLØEN (NRK): Den storstilte utbygginga av Bybanen i Bergen får kritikk rett før trase-vedtaket. – Dette går alt for fort, meiner bebuar.

Tommy Berggren i Geofrost og Terje Inderhaug i Fløen vel

NABOAR: Konsulentselskapet Geofrost ved Tommy Berggren (i midten) møtte denne veka bebuarane i Fløen, som kan bli hardt råka av utbygginga av Bybanen. Terje Inderhaug (t.h) har sendt klage til kommunen.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Onsdag tar bystyret i Bergen stilling til spørsmålet som har plaga bebuarane i Fløen i fleire år: Kor skal bybanetraseen til Haukeland gå?

Kommunen sine fagfolk og byrådet meiner bybanen bør leggjast gjennom bustadområdet, som medfører at eit større område må gravast opp og 12 bueiningar må rivast.

Klagar i tolvte time

Men entreprenør- og konsulentfirmaet Geofrost har kome med fleire kritiske innspel i siste liten.

Firmaet, ein kommersiell aktør som driv med grunnfrysing og tunnelboring, meiner kostnader, risikovurderingar og utgreiing av tunnelalternativet er regelrett feil og «misvisande for trasévalet». I tillegg meiner selskapet at usikre konsekvensar ved det anbefalte alternativet ikkje har kome tydeleg nok fram.

– Eit inngrep som råkar så mange menneske, fortener grundige utgreiingar. Det har ikkje vore tilfelle her, meiner Tommy Berggren i Geofrost.

Bebuarane i Fløen har på bakgrunn av kritikken svara med å senda ei rekkje klager til kommunen. Saka er for dårleg greidd ut og inneheld fleire feil, hevdar Terje Inderhaug i Fløen vel.

– Dette er nye moment som er nøydde til å vurderast. Forslaga er konstruktive og det sjokkerer meg at kommunen har så hastverk med å avvisa dei.

Tommy Berggren i Geofrost i Fløen

SYNFARING: Tommy Berggren i Geofrost har vore på synfaring i Fløen. Han meiner ein tunnel under Årstadgeilen er rimelegare og fører til færre konsekvensar.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

To alternativ i Fløen

Bybanen frå Bergen sentrum til Fyllingsdalen skal gjennom fleire komplekse område. Den kanskje vanskelegaste oppgåva er å legga bybanetraseen forbi kulturminneområdet Fløen, der kommune og fylkeskommune har to forskjellige traséval:

  • Nordleg (alternativ 2): Nærast sentrum, gjennom tunnel under Årstadgeilen.
  • Sørleg (alternativ 1): Utgraving (som skal dekkjast til seinare), vil medføra at tolv bustader må rivast.
Laster kart, vennligst vent...

TO ALTERNATIV: Bygga ved Bergen båtforening må rivast. Det same må bygga for tidlegere Damsgård karosseri. Fløenbakken 27, 29 og 31 (markert) må òg rivast.

Det er det sørlege alternativet som ligg til innstilling i bystyret i Bergen onsdag. Komite for byutvikling har alt vedteke forslaget med breitt fleirtal.

Det er konsulentfirmaet Sweco som på oppdrag frå Bergen kommune har forma ut fagnotatet som set dei to aktuelle alternative opp mot kvarandre.

Geofrost meiner fagfolka har teke avgjerder på feil grunnlag og at ein tunnel under Årstadgeilen vil gi langt lågare kostnader og mindre negative konsekvensar for busetnad og kulturminne.

Sweco avviser kritikken, men vedgår reknefeil i sin rapport. Konsulenten meiner reknefeilen deira utgjer 15 millionar. Geofrost hevdar på si side at skilnaden er så stor som hundre millionar.

– Treng ikkje riva hus ved tunnelbygging

Også krings spørsmålet om riving, er det usemje. I Årstadgeilen har det vore snakk om at fleire eldre hus må rivast dersom ein skal byggja tunnel for Bybanen.

Dette avviser Geofrost. Det same gjer Multiconsult, som er henta inn av kommunen for å kvalitetssjekka vurderingane.

Multiconsult støttar fleire av innspela frå Geofrost, som mellom anna seier at risikoen for setningsskadar etter at Fløen er grave opp, vil vera større enn det Sweco tek høgd for.

Multiconsult trekk òg fram svakheiter ved grunnundersøkingane Sweco har gjort.

Terje Inderhaug, Fløen

SJOKKERT: Terje Inderhaug i Fløen vel er opprørt over avsløringane om kommunen sin rapport. – Det som sjokkerer meg aller mest, er at det er store sjansar for setningsskadar i den søre traseen, som til sist vil påverka 150 menneske.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Sjokkerande

Byrådet har gått gjennom innspela og konkluderer med at dei ikkje endrar valet om å leggja traseen gjennom Fløen.

– Me har teke dette på alvor og har difor gjort våre eigne vurderingar, i tillegg til å henta inn vurderingar frå Multiconsult og fått svar frå Sweco, seier byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap).

Inderhaug er sjokkert over at byrådet så enkelt avfeiar innspela.

– Dette har gått alt for fort, og det viser utgreiingane som viser at Sweco sine undersøkingar har klare manglar.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.