Hopp til innhold

To nye Høgre-politikarar mistenkt

Seks Høgre-politikarar er involvert i narkosaka i Bergen. – Dette skakar partiet i grunnvollane, seier fylkesleiar Liv Kari Eskeland.

Politiadvokat Marita Mellingen

MISTENKT: Påtaleansvarleg i saka, politijurist Marita Mellingen seier dei to som har vore i avhøyr er mistenkt for erverv og bruk av narkotika.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Liv Kari Eskeland

SKUFFA: Fylkesleiar Liv Kari Eskeland i Hordaland Høgre bekreftar til NRK fredag at to nye Høgre-politikarar er mistenkt i narkotikasaka. – Me har som mål å koma til botns i denne saka.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Det var Bergens Tidende som først skreiv at to nye Høgre-politikarar no sit i avhøyr med politiet i forbindelse med narkotikasaka som har vore under opprulling sidan førre veke.

Begge skal representera Unge Høgre, og den eine personen skal vera ein lokal Høgre-topp, ifølgje BT. Dei to høyrer til same omgangskrets som dei tidlegare arresterte og har status som mistenkte.

Dei er mistenkt for erverv og bruk av narkotika, seier påtaleansvarleg i saka, politijurist Marita Mellingen til NRK.

Seks Høgre-politikarar involvert

I går vart det kjent at stortingspolitikar Erik Skutle (H) var arrestert og sikta for bruk av narkotika. Han erkjente bruk av hasj ved ein anledning. Same kveld vart også ein bystyrerepresentant for Høgre i Bergen sikta i narkotikasaka.

– Eg har svikta mine nærmaste, skreiv Skutle i ei pressemelding i går kveld, der han annonserte at han trekk seg frå alle partiverv.

No er seks personar tilknytt Høgre i Bergen involvert i narkotikasaka.

  • Førre veke vart eit medlem i Unge Høgre arrestert og sikta for sal av cannabis, som ein del av den store narkoaksjonen til politiet på vidaregåande skular i Bergen. Personen var sleppt fri av politiet tidlegare denne veka.
  • Onsdag vart tre personar arrestert og sikta for bruk av narkotika. Torsdag vart det kjent at det var stortingspolitikar Erik Skutle samt ein bystyrerepresentant for Høgre i Bergen. Tredjemann skal vera ein tidlegare Unge-Høgre topp som framleis er aktiv i partiet.
  • Og i dag er ytterlegare to mistenkte og kalla inn til avhøyr hjå politiet.

Status kan blir endra

Dei to som har vore i politiavhøyr i dag har førebels status som mistenkt, men dette kan bli endra, seier Mellingen.

– Førebels har dei status som mistenkt, så får vi sjå over helga om denne statusen vert endra.

Ifølgje Mellingen kan det bli aktuelt med påtaleavgjerd neste veke.

– Men det gjenstår framleis noko etterforsking i nokre av sakene.

Ho legg til at dei tre sikta og dei to mistenkte Høgre-politkarane er mistenkt for lovbrot som gjeld cannabis, MDMA og kokain.

– Skakar partiet

Fylkesleiar Liv Kari Eskeland i Hordaland Høgre bekreftar til NRK fredag at to nye Høgre-politikarar sit i avhøyr med politiet.

– Eg har fått melding om at ytterlegare to personar er, eller har vore inne til avhøyr. Eg veit framleis ikkje om avhøyra er ferdig, seier Eskeland.

– Dette er heilt klart ei sak som skaka oss i grunnvollane. Me har som mål å koma til botns i denne saka, seier Eskeland.

– Foreldre må kunne vera trygge på oss

Fylkesleiaren seier partiet no vil arbeide for at foreldre til medlemmar i Unge Høgre skal vera trygge på at borna deira er medlemmar i partiet.

– Me ynskjer å vere eit parti der foreldra kan vera trygge på at borna deira går til møter der det vert diskutert politikk. Det skal ikkje vera ein rekrutteringsstad for å kome inn i skadelege miljø.

– Er det enkelt for Høgre å fremje eit standpunkt om nulltoleranse når det stadig vert rulla opp fleire saker med høgremedlemmar?

– Når me no får avdekka omfanget av dette, må me sjå på kva me skal gjere. Då kan me gå vidare utan å få fleire slike saker.

– Må endra haldning

Fylkesleiaren meiner fleire partimedlemmar må endra haldningar for å hindre at fleire skal blir råka.

– Me ynskjer at partiet skal vera fri for denne type haldningar og aksept for at noko slik skal kunne skje.

– Korleis er det å sjå at fleire medlemmar er sikta eller mistenkt i denne saka?

– Eg tykkjer det er utruleg trist og tragisk for dei det gjeld. Desse skal me sjølvsagt ta godt vare på.