Hopp til innhold

Nye ferjekutt på Vestlandet: – Eg trudde det var ein feil

Elektriske ferjer vil føra til færre avgangar, men no kan det bli endå færre enn først venta. Det vil rasera regionen, meiner ordførar.

MF Kvinnherad

NEDTELJING: MF «Kvinnherad» mellom Skånevik og Utåker i 2016. Dei gamle dieselferjene på mange vestlandsfjordar skal få avløysing av elektriske ferjer. På grunn av ladetida blir det færre avgangar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ap-ordførar i Etne kommune, Siri Klokkerstuen, trudde først at ho var samd med Skyss om at det skulle gå 13 daglege avgangar mellom Skånevik i Etne og Utåker og Matre i Kvinnherad kommune. Men no har Skyss kutta ein avgang til, nemleg 07.15 frå Skånevik.

Siri Klokkerstuen

VIKTIG: Siri Klokkerstuen meiner det er avgjerande viktig at rutene ikkje blir ståande slik som planlagt i dag.

Foto: Tale Hauso / NRK

Dermed må dei som skal på jobb på andre sida av fjorden, enten ta ferja 06.15 eller 08.35.

– Eg trudde det var ein feil. Men no har det gått ei veke. Og når det ikkje er nokon i Skyss som eg har fått snakka med, må eg berre tru det stemmer, seier Klokkerstuen.

– Regionen vår kan bli heilt rasert og øydelagd om det ikkje finst ruter som gjer at ein kan pendla til jobb, seier ho.

– Det er vegen vår

Dei gamle dieselferjene på mange vestlandsfjordar skal få avløysing av elektriske ferjer. På grunn av ladetida blir det færre avgangar.

NRK har tidlegare fortald om pendlarar på Tysnes som opplever å måtte ta støyten for miljøsatsinga.

Sigmund Hovland frå Tysnes er ein av dei. Han meiner det er bra med fokus på klima og miljøvenlege ferjer, men at pendlarane ikkje har blitt høyrt i det heile tatt.

– Eg syns dette er forferdeleg urettferdig for folk som er låste til tidspunkt. Dette er ein håplaus situasjon, seier han.

Sigmund Hovland om elektriske ferjer

KJEMPAR: Sigmund Hovland er mellom dei som mistar store deler av ferjetilbodet sitt som pendlar. Dette er ferja mellom Jektevik på Stord, Huglo og Hodnanes på Tysnes.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Hovland meiner at miljøfokuset er så stort at det øydelegg infrastrukturen.

– Ei ferje for oss som pendlar frå Tysnes, er faktisk vegen vår. Om dei hadde stengd Danmarks plass i pendlartrafikken om morgonen, kva ville folk sagt då? Det er det dei gjer her, dei stenger vegen vår, seier han fortvila og fortel at dei står i fare for å mista 60 avgangar i veka.

For kona hans, Arnhild Hovland, vil det ikkje vera mogeleg å halda fram i jobben med ruteforslaget som ligg på bordet i dag.

Anne Gine Hestetun

REAKSJONAR: Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) forstår at folk reagerer på ruteplanane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Storsatsing på miljøferjer

Skyss, som er eit fylkeskommunalt selskap, driv kollektivtransport etter løyvingar frå fylkeskommunen.

Fylkespolitikarane har vedteke å satsa endå større på miljøvenlege ferjer. Men fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) meiner at staten ikkje tek nok ansvar.

– Staten må komma endå sterkare på banen for at folk skal kunne bu i distrikta og pendla i dei naturlege arbeids- og buregionane. I tillegg må me venta at dei som legg fram endelege forslag til ruter, er eintydige på at pendlarane skal prioriterast, seier Hestetun.

Ho fortel at ho har fått kraftige reaksjonar frå ulike deler av Hordaland og seier at ho forstår godt at dei kjem.

Både i Tysnes, Kvinnherad og andre ferjekommunar kan dette bli viktige kampsaker framover.

Skyss hadde ikkje høve til å stilla til intervju på førespurnad frå NRK, men svarar skriftleg:

«Skyss har realitetsbehandla alle innspela vi har fått frå kommunar og andre interesseaktørar. Dei nye ferjerutene frå 2020 er laga ut frå ei samla vurdering av innspela som har kome fram gjennom denne prosessen, saman med dei økonomiske konsekvensane og driftsmessige omsyn særleg knytt til behovet for ladetid.»