Hopp til innhold

Her kan du fly utan å tenke på høgdeskrekken

Er du ikkje tøff nok til å kaste deg utføre eit fly, er løysinga på Voss.

Video Vindtunnel på Voss

ALLE KAN FLY: I den nye vindtunnelen på Voss kan du fly med 300 km/t i motvind.

I ekstremsportbygda Voss kan du få kjensla av å hoppe i fallskjerm – utan å måtte tenke på høgdeskrekken.

For der har dei bygd ein vindtunnel for fallskjermtrening, den fyrste av sitt slag i Skandinavia.

Den gjer fallskjermhopparar moglegheita til tørrtrening, og folk flest kan teste korleis eit fall frå mange tusen meter kjennest.

– Herleg

Hovudinstruktør Martin Kristiansen, er friflygar i verdsklasse. Han har fleire tusen fallskjermhopp og timar i fallsimulatorar bak seg.

  • I videoen under kan du sjå kva han får til i vindtunnelen:
Video Sjå video frå vindtunnelen på Voss

TRIKSAR I LUFTA: Friflygar Martin Kristiansen leikar seg i Noreg sin nye vindtunnel på Voss. Like bra gjekk det ikkje då NRK-reporter Steinar Nedkvitne prøvde seg ...

Vår reporter testa òg fallsimulatoren. Og om du er i tvil, reporteren er han i raud dress.

– Ei herleg oppleving å fyke som fuglen på den måten, seier han.

Men i så sterk vind, er det små rørsler som skal til. Berre å bevege på fingrane, kan gjere at ein mistar kontrollen over kroppen.

Ope for alle

– Det var naturleg å legge Skandinavia sin fyrste attraksjonen av denne typen på Voss, seier dagleg leiar i Voss Vind, Hans Christian Amlie.

For bak stillas og på noko som minner mest om ein byggjeplass, tilbyr ekstremsportbygda Voss no enda meir av det ekstreme. På laurdag opnar vindtunnelen, og for ein god slump med pengar, kan kven som helst prøve seg.

Og alle frå born på 5 år til vaksne på opp til 120 kilo, kan prøve seg. Med fallskjermdress, briller og hjelm, kan ein nesten skryte på seg å har hoppa frå fleire tusen meter.