Ny undersøking: Lommeboka til foreldra avgjer korleis ungdommane har det

Ny rapport viser at barn av foreldre med dårleg råd sjeldnare deltek på aktivitetar. – Kjipt at noko som angår foreldra skal gå ut over barna, seier Ellinor Lie.

Ellinor Lie i Åsane janitsjar

KORPS: Ellinor Lie har denne helga delteke i korps-NM i lag med Åsane Janitsjar. Ny forsking viser at barn av foreldre med dårleg råd, i mindre grad deltek på fritidsaktivitetar.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Barn av foreldre med dårleg råd et ikkje frukost og deltek sjeldnare på fritidsaktivitetar, viser ein fersk rapport frå Hordaland fylkeskommune.

– Det er kjipt at økonomien skal styre om barn kjenner seg åleine og utanfor. Og det er kjipt at noko som angår foreldra skal gå utover barna, seier Ellinor Lie i Åsane janitsjar.

I elleve år har jenta frå Bergen vore med i korps. Denne helga har ho delteke i lag med tusenvis av andre i skulekorps-NM og landsfestival i Bergen.

– Korpset handlar veldig mykje om fellesskap, samhald og samarbeid. Og ikkje minst at alle er inkluderte.

Eva Vinjevoll i Hordaland fylkeskommune

KLAR TENDENS: Eva Vinjevoll jobbar med statistikk og analyse i Hordaland fylkeskommune. – Vi ser at slike barn av foreldre med dårlig råd et frukost sjeldnare.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Og sjølv om korps, idrettslag og frivillige organisasjonar ønsker å vere for alle, viser svar frå ei ny undersøking noko anna.

– Mistrivst, et mindre og drikk meir

Ein ny rapport frå viser nemleg at lommeboka avgjer korleis ungdommane i fylket har det:

  • Av dei som oppgir at dei har hatt god råd delar av eller heile tida, svara så vidt over 1 av 20 at dei ikkje trivast i skulen. Blant dei som oppgir at dei har hatt dårleg råd dei siste to åra, svara 1 av 5 at dei mistrivst i skulen.

  • 1 av 5 ungdommar som oppgir at dei har hatt dårleg råd ikkje et frukost (sjeldan eller aldri). Blant dei med god råd er det same talet 1 av 10.

  • 72 % av ungdommane som opplever god råd er med på organiserte fritidsaktivitetar, medan blant dei som har hatt dårleg råd er berre 56 % med.

  • Over halvparten av dei som har opplevd dårleg råd har prøvd alkohol, medan det same gjeld 1 av 3 blant dei som har hatt god råd.

Skjermdump fra rapport

TENDENS: Dobbelt så mange av barna som oppgir at foreldra har hatt dårleg råd, svarar at dei aldri har vore med på organiserte fritidsaktivitetar.

Foto: Hordaland fylkeskommune / Skjermdump

Datagrunnlaget i rapporten (ekstern lenke) er henta frå Ungdata 2017, der nesten 7000 ungdommar frå heile fylket har delteke.

– Vi ser at dei et frukost sjeldnare, i større grad kjenner seg utrygge i eige nærmiljø og mistrivast i skulen. I tillegg prøver desse barna også rusmiddel både oftare og tidlegare enn andre, fortel samfunnsøkonom Eva Vinjevoll som jobbar med statistikk og analyse i Hordaland fylkeskommune.

Korpsleder Birte Fagerdal, Åsane Janitsjar

LEITT: Korpsleiar i Åsane Janitsjar, Birte Fagerdal, meiner det er trist om foreldra si dårlege råd set avgrensingar på barna.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fleire jenter enn gutar opplever å ha dårleg råd

Dersom ungdommane opplever at foreldra har dårleg råd, har dei også dårlegare livskvalitet.

På landsbasis var det i 2016 4,6 prosent av dei spurte elevane som opplevde at foreldra hadde dårleg råd (ekstern lenke). Blant elevar i heile Noreg er det fleire jenter enn gutar som opplever at familien har lite pengar.

Mønsteret i Hordaland er det same i dei fleste kommunane, ifølge Vinjevoll.

– Vi ser i grunnen dei same mønstera i alle kommunar i fylket.

– Dumt om pengar skal utelukka barna

Barn som oppgir at foreldra har hatt dårleg råd, oppgir i langt mindre grad at dei deltek på fritidsaktivitetar.

Det tykkjer korpsleiar i Åsane Janitsjar, Birte Fagerdal, er synd.

– Slik burde det ikkje vere. Vi har ei ordning der foreldre som har økonomiske vanskar kan få fritak for kontingent. Det er dumt om borna ikkje skal få vere med på grunn av pengar, seier ho.

Pål Hafstad Thorsen, skolebyråd for Arbeiderpartiet i Bergen

LEITT: – Dette er eit samfunn vi ikkje ønsker, seier oppvekstbyråd i Bergen, Pål Hafstad Thorsen (Ap).

Foto: Elise Angell / NRK

– Ei klar samfunnsutvikling

– Dette er eit samfunn vi ikkje ønsker, seier oppvekstbyråd i Bergen, Pål Hafstad Thorsen (Ap).

Bergen har set i verk fleire tiltak for å hindra at ungdom med dårleg råd skal koma til kort, mellom anna innføringa av redusert foreldrebetaling (ekstern lenke) i barnehage og SFO.

– Svara på om vi lukkast kjem ikkje umiddelbart. Men vi ser ei auka deltaking på SFO med redusert betaling, eit tilbod som ikkje fanst tidlegare.

Sofie Marhaug, gruppeleiar for Raudt i Bergen bystyre, meiner kommunane gjer for lite for å hindra at lommeboka til foreldra skal styra sjansane til ungdommane.

Sofie Marhaug

MÅ GJERA MEIR: Gruppeleiar for Raudt i Bergen bystyre, Sofie Marhaug, meiner politikarane må gjera meir.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er deprimerande at slike strukturar skal få bestemma liva til folk. Dei politiske partia må stillast til ansvar for den samfunnsutviklinga vi opplever i Noreg i dag.