Hopp til innhold

Ny ubåthøyring i Stortinget

Det vert ny høyring i Stortinget om ubåtvraket ved Fedje.

Den nye høyringa skal vere måndag 16. april.

På den førre høyringa, 6. mars, deltok Hordaland fylkeskommune, bergingsselskap og mijøvernorganisasjonar

I den nye er det mellom anna fagmiljø som er ekspertar på undervatnteknologi som skal uttale seg i den omstridde saka.

Det er Framstegpartiets Arne Sortevik nøgd med.

- Vi meiner det er viktig å få høyrd fagmiljø og innspel fra verksemder og organisasjonar som har greie på heving og fjerning av både ubåtvrak og kvikksølv, seier Sortevik.

- I den første høyringa fekk vi ikkje høyrt desse på noko utfyllande måte

Fiskeri- og kystdepartementet bestemte i februar at ubåtvraket på havbotnen ved Fedje i Nordhordland skal dekkast til. Ubåtvraket har over 60 tonn kvikksølv om bord.

Avgjerdsla om å dekke til ubåten er i tråd med tilrådingar fra Kystdirektoratet og Norsk institutt for vannforskning (NIVA), men i sterk strid med ønskjene til lokalbefolkninga, politikarar og miljøvernorganisasjoner.