Hopp til innhold

Hybridferja startar ladinga ein halv meter frå land

STORD (NRK): Vestlandsferja MF «Folgefonn» er den første i verda som ladar batteria sine trådlaust.

Trådlaus lading av ferja MF Folgefonna

TRÅDLAUST: Ferja i Sunnhordland går rett på lading når den legg til kai.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Den nye løysinga gjer at hybridferja i Sunnhordland startar ladinga i det sekundet den har lagt til kai. Her trengst det ingen kablar og is og snø skal ikkje vera noko problem.

Så lenge ladeplata på land og ladeplata på ferja er maks ein halvmeter frå kvarandre, ladar ferja seg trådlaust opp til ein ny tur over fjorden.

– Det er omtrent same prinsippet som ein induksjonstopp. Men her skal me ikkje koke vatn av varmen i kjelen. Me skal nytte det til elektrisk energi som ladar batteriet om bord, forklarar prosjekteigar Ingve Sørfonn i Wärtsila.

Induksjonslading

Mellom ladeplatene på land og på ferja går det ein effekt som svarar til straumtilførselen til 200–300 norske einebustader. Ladinga skjer ved hjelp av at eit magnetisk felt går mellom to spolar. Den eine sender frå seg effekt som den andre tek imot.

Sørfonn har jobba med ladeprosjektet sidan 2012. Teknologien er utvikla i samarbeid med ei rekkje bedrifter og har fått støtte frå Innovasjon Norge.

Ferja MF «Folgefonn», som no har fått teknologien på plass, kallar Sørfonn for eit flytande laboratorium. Den var opphavleg ei dieselelektrisk ferje, men vart bygd om til ein hybrid med batteri.

Kaptein Espen Haukenes på MF Folgefonn

NØGD KAPTEIN: Kaptein Espen Haukenes treng kun å kople seg til ferjekaien. Hybridferja han styrer ladar batteria trådlaust.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Trøblete start

Men den er ikkje den einaste som køyrer på straum over norske fjordar. I Sogn og Fjordane har heilelektriske MF «Ampere» trafikkert E39-sambandet Lavik – Oppedal, som den første i sitt slag.

Nyvinninga har vore langt frå uproblematisk. Spesielt har Norled hatt ein god del trøbbel med ladesystemet på land, og dei ulike problema som har dukka opp i kjølvatnet har igjen ført til mange innstillingar.

Sørfonn i Wärtsila meiner deira løysing er langt tryggare og syner til liknande prosjekt i utlandet.

I Nederland er det bygd vegstrekningar med induksjonslading for elbilar. Teknologien er også prøvd på tog og bussar, og mange har kunna lada mobiltelefonane sine trådlaust i fleire år.

– Andre fordelar med trådlaus lading er at ferja utnyttar ladetida ved kai betre og det er betre driftstryggleik, hevdar Sørfonn.

Batteriferja Ampere til kai saman med MF Stavanger

PÅ LADING: MF «Ampere» (t.v) ladar batteria på Oppedal. Nyvinning, men med eit par skjer i sjøen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fornøgd kaptein

MF Folgefonn trafikkerer i dag sambandet mellom Jektevik, Nord-Huglo og Hodnanes på Tysnes.

Frå styrehuset har kaptein Espen Haukanes full kontroll på «kokeplatene».

Det er eit veldig enkelt system. Det er ikkje noko fysisk kontakt med kablar som ein kan risikere at det skjer noko med, seier Haukenes.

Maskinsjef Bjørn Dalsgård stemmer i.

– Dette er ei ny tid for ferjeflåten.

Sørfonn i Wärtsila roar dei som likevel fryktar at mange ferjesamband endar opp med innstilte avgangar på grunn av lang ladetid

– No kan me hausta energien veldig kjapt, så det skal vera fullt mogleg å halde oppe rutefrekvensen.