NRK Meny
Normal

Hiphop-dansar blir ny sjef i Carte Blanche

Norsk-iranaren Hooman Sharifi med bakgrunn frå hiphop og street dance overtar som sjef for dansekompaniet Carte Blanche i Bergen.

Hooman Sharifi

NY SJEF: Hooman Sharifi skal leia Carte Blanche frå august.

Foto: Matthew William Smith

Carte Blanche på Festspillene i Bergen

NASJONALT KOMPANI: Carte Blanche er nasjonalt dansekompani for samtidsdans. Biletet er frå ei framsyning under Festspillene i Bergen.

Foto: Arne Kristian Gansmo, NRK

– Han er ein spennande kunstnar med variert bakgrunn, og er svolten på å gå vidare til nye utfordringar. Han er absolutt rett mann for jobben, seier Grete Line Simonsen til NRK.no.

Ho er nestleiar i styret og har leia arbeidet med tilsettinga.

Simonsen meiner han vil setja eit spennande preg på Carte Blanche og samtidig forvalta Carte Blanche som nasjonalt dansekompani for samtidsdans.

– Kunst er politikk

Sharifi har bakgrunn frå hiphop og street dance, og er utdanna ved koreografilinja på Kunsthøyskolen i Oslo.

No er han koreograf og kunstnarisk leiar i dansekompaniet Impure Company, der han har stått bak nærare 30 danseforestillingar.

Han er kjend for å seia at kunst er politikk.

– Ambisjonen min er å bruka det fantastiske potensialet i Carte Blanche til å bringa viktige samfunnsspørsmål til publikum i form av dans, seier Sharifi i ei pressemelding frå Carte Blanche.

Sharifi blei fødd i Teheran i 1973 og kom til Norge som 14-åring.

Han startar på det fire år lange åremålet i august, og overtar då etter belgiske Bruno Heynderickx.

Rekordmange søkjarar

Dansekompaniet fekk inn heile 37 søkjarar til jobben, og det er ny rekord.

– Eg kan ikkje tolka det på nokon annan måte enn at Carte Blanche er blitt ein anerkjent og attraktivt dansekompani både nasjonalt og internasjonalt. Vi er kjempeglade og stolte over at så mange ville bli sjef, seier Grete Line Simonsen.

Les også: - Beinhard prioritering | Norsk teater til New York | Samtidsdans i vinden | Best i ballett

Siste video

Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen
Flere hundre tok turen til Torgallmenningen for å smake mat som var gått ut på dato.
Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane fredag 18. august 2017.