NRK Meny
Normal

Ny sikta i drapssak

Ein 35 år gamal mann blei i førre veke pågripen og sikta for medverknad til Åsane-drapet.

Ifølgje Bergensavisen var bakgrunnen ei ny forklaring frå Jarle Olsen, som er dømd for å ha tinga drapet.

35-åringen, som blei lauslaten dagen etter, meiner pågripinga kom som hemn fordi han ikkje ville gjera Olsen ei teneste.

Politiet ønskjer ikkje å kommentera saka.

Skoten i hovudet

Øyvind Bjarte Madsen blei skoten i hovudet i sin eigen heim i Åsane natt til 19. april 2000. Tre personar blei pågripne og tiltalte.

Politiet tok opp att etterforskninga av Åsane- og Lindås-drapa i fjor haust. Ytterlegare tre personar blei då sikta for det eine eller begge drapa.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.