Hopp til innhold

Ny uro for Sellafield på Vestlandet

Atomkatastrofen etter jordskjelvet i Japan, har gitt uroa for anlegg nært Noreg nytt liv. No ber Vestlandet staten kreva betre tryggleik på Sellafield.

Sellafield kjernekraftverk

Ved kjernekraftverket Sellafield, som ligg i Cumbria i Storbritannia, ligg og eit av verdas største anlegg for gjenvinning av atomavfall.

Foto: Sabine Vielmo / Scanpix

– Alt kan jo tydelegvis skje, når vi ser på det som hender i Japan.

Slik reagerer fleire tilfeldige forbipasserande på gata i Bergen. Spørmålet er: Kva gjer situasjonen i Japan med det vi tenkjer om ei ulykke på Sellafield-anlegget i England?

Les også:

Om noko skulle skje der, er nemleg Noreg og då spesielt Vestlandet eit av områda som vil få merka radioaktivt nedfall frå Sellafield-anlegget best.

Leif Johan Sevland

Ordførar i Stavanger, Leif Johan Sevland.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK
Monica Mæland

Byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix
Helge Solum Larsen, nestleder i Venstre

Helge Solum Larsen, nestleiar i Venstre.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Krev betre tryggleik

– Me er uroa for situasjonen. Dette er noko me tenkte mykje på før tragedien i Japan, men frustrasjonen har ikkje akkurat blitt mindre no, seier Stavanger-ordførar Leif Johan Sevland.

Saman med byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland, har han bede miljøvernminister Erik Solheim om å leggja meir press på britane – for å tvinga fram betre tryggleik.

– Vi håpar jo at miljøvernministeren no lyttar til oss, og øver press på britane. Vi vil at han tar saka opp med britiske styremakter, og konkret ber dei auka tryggleiken til eit maks-nivå.

Det seier Mæland, som saman med Stavanger-ordføraren tilhøyrer dei delene av landet som vil merka ei eventuell ulykke ved Sellafield-anlegget best.

Giftig sopp, bær og lammekjøt

Statens Strålevern har undersøkt konsekvensane av eit eventuelt utslepp frå nabolandet vår over havet i vest. Om noko skulle skje, er det nedslåande i lang tid.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Miljøvernminister Erik Solheim lovar å ta opp Vestlandets uro med Storbritannia.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Lammekjøt kjem til å vera giftig, det same gjeld sopp og bær. Luftstraumane over Nordsjøen gjer nemleg at det farlege avfallet kan fraktast langt på kort tid.

– Legg ned anlegget

Nestleiar i Venstre, Helge Solum Larsen frå Rogaland, seier det endå tydeligare enn ordførarane.

– Legg ned anlegget. Det er det einaste som kan ta vekk trugsmålet dette anlegget representerer. I første rekkje er eg uroa for den marine næringa vår. Ved ei større katastrofe er det ikkje mogleg å tenka seg grensene, seier han.

Miljøvernministaren gir vestlandspolitikarane rett til å uroa seg.

– Ei ulukke råkar oss sterkt

– Vi har rett til å bry oss, fordi ei eventuell ulukke råkar oss sterkt, seier miljøvernministar Erik Solheim.

Han skal om kort tid skal møta regjeringa i Storbritannia, og lovar å vidarebringa Vestlendingane si frykt:

– Noreg kan ikkje styra Storbritannia, men det er eit nært og heldigvis venlegsinna land, seier Solheim, som avsluttar med at han vil gjera sitt ytterste for å overtyda britane om betre sikring.

– Kor sikkert er anlegget?

Også på dei britiske øyer skaper situasjonen i Japan uro.

Margaret Ritchie, parlamentsmedlem for nordirske Social Democratic and Labour Party, ber nå britiske styresmakter evaluera tryggingstiltaka for området rundt Sellafield. Det melder BBC.

– Av omsyn til miljøet og folk bør britiske styresmakter gå gjennom kor sikkert Sellafield-anlegget eigentleg er, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.