NRK Meny
Normal

Ny rekord for Pepperkakebyen

Peperkakebyen i Bergen har også i år slått tidlegare rekordar.

Pepperkakebyen 2010

Mange av barna som har hjelpt til med å bygga Pepperkakebyen 2010 deltok på verdsrekordmålinga.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Både politi og barn som har vore med å bygd Pepperkakebyen 2010 hjelpte til då årets pepperkakeby blei målt. Eit langt måleband og mange hjelparar måtte til for å få til den siste kontrollmålinga.

– For at alt skal gå rett og riktig for seg må politiet og viseborgermeisteren i Pepperkakebyen signera på at dette er verdas største pepperkakeby, sa Pepperkakebysjefen.

LES OGSÅ: Ordføreren gikk glipp av åpningen

Pepperkakebyen 2010

Både viseborgermeisteren og politiet måtte signera den 20 år gamle protokollboka.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Årets målingar blei ført inn i den 20 år gamle protokollen, der det står kor stor Pepperkakebyen har vore ulike år, og kor mange bygg det har vore i byen.

Det blei stor jubel då politiet kunne fortelja at det nok ein gong er sett ein ny rekord for Pepperkakebyen.

Årets pepperkakeby er 340 kvadratmeter. Det er 38 kvadratmeter større enn fjorårets by.

LES OGSÅ: Siste pepperkakeby-innspurt

Pepperkakebyen 2010

Det er mange flotte byggverk i Pepperkakebyen 2010.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Siste video

Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.
Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.